Landkrabbe med spisskompetanse innan rekruttering!
Fjord1 - Forretningsstøtte, Fjord1 AS
Strandavegen 15, 6905 Florø, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
HR rådgjevar rekruttering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Fjord1 er ein verdsleiande pioner innan det grøne skiftet - over halvparten av fartøya våre er elektriske, og vi utviklar verdas første sjølvgåande ferjer. Med visjonen om å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport, held vi stø kurs mot ei grøn framtid. Vi kombinerer teknologi, miljø og samfunnsoppdrag med høg presisjon – og det er folk som deg som bidreg til at vi lukkast.
No søkjer vi ein HR-rådgjevar med fagansvar for rekruttering og tilsetting. Du får ei sentral rolle i å sikre kvalitet og struktur i alle delar av rekrutteringsprosessen, og vere ein viktig støttespelar for leiarar i arbeidet med å finne dei rette kandidatane.
Fjord1 er i stadig endring og vekst - og det same er HR konsern. HR konsern i Fjord1 består av fem dedikerte kollegaer som jobbar tett med både leiinga og alle dei tilsette i rederiet. Her får du ein variert kvardag med ansvar, tillit og høve tl å vere med å forme retninga vidare. Vi har høgt arbeidstempo og stort fagleg engasjement, men òg rom for mykje humor, omsorg og arbeidsglede i kvardagen.
Arbeidsoppgåver
I denne rolla får du ansvar for å utvikle, koordinere og gjennomføre rekrutteringsprosessar frå start til slutt. Du blir eit viktig bindeledd mellom HR og leiarar i organisasjonen, og sørgjer for at vi held ein profesjonell og effektiv standard i alt vi gjer. Du vil óg få ansvar for eit eller fleire andre fagområde innan HR, som til dømes GDPR, pensjon, forsikring eller noko heilt anna - basert på dine kvalifikasjoner og selskapet sitt behov. Arbeidet ditt vil vere både operativt og strategisk – med rom for initiativ, utvikling og fagleg fordjuping.
Dine viktigaste oppgåver vil vere:- Fagansvar for rekruttering, utforming og vedlikehald av prosessar, retningslinjer og malar knytt til rekruttering, onboarding og avslutning av tilsettforhald
- Planleggje og gjennomføre rekruttering til administrative stillingar i tett samarbeid med leiarar
- Vere ein fagleg rådgjevar og bidra med opplæring til HR kollegaer og leiarar i selskapet
- Ansvarleg for selskapets digitale rekrutteringsportal
- Delta i profilering og rekrutteringstiltak som messer, kampanjar og skulebesøk
- Ansvar for eit eller fleire fagfelt - som t.d. GDPR, pensjon eller forsikring
- Bistand i personalsaker og konflikthandtering
Ønska kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har erfaring frå rekruttering og som ønskjer å vidareutvikle eit viktig fagområde. Du jobbar strukturert, kommuniserer godt og har ei trygg og stødig framferd i møte med andre. Du trivst med å samarbeide, men tek òg ansvar for eigne prosessar frå start til slutt. Du er fagleg sterk og set kvalitet høgt, samstundes som du er nytenkande, praktisk og løysingsorientert i gjennomføringa. Du har gode relasjonelle eigenskaper og trivst med nettverksbygging både internt og eksternt.
Vi ser gjerne at du har:- Høgare utdanning, gjerne innan HR, organisasjon, juss, marknadsføring eller noko anna spennande
- Erfaring frå HR arbeid, særleg rekruttering
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Gode digitale ferdigheiter – gjerne med erfaring frå Webcruiter
- Kjennskap til lovverk og beste praksis knytt til rekruttering og tilsetting
Vi veit at eit mangfald av perspektiv og erfaringar gjer oss sterkare. Vi ønskjer kollegaer med ulike bakgrunnar, kompetansar og livserfaringar, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Våre kontorlokale er universelt utforma, slik at du kan trivast og jobbe godt uavhengig av behov eller funksjonsevne. Her hos oss handlar det om kva du kan bidra med, ikkje kvar du kjem frå.
Dette kan vi tilby deg
Dette er ei spanande og variert stilling i eit selskap med eit viktig samfunnsoppdrag. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår med gode forsikrings- og pensjonsordningar, slik at du kan føle deg trygg både no og i framtida. Du vil få fleksible arbeidsordningar som gjer det lettare å balansere jobb og fritid, samt rike moglegheiter for fagleg utvikling og karrierevekst.
Arbeidsplassen vår i Florø har topp moderne fasilitetar og eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel står i sentrum. I kantina vår får du både varmmat kvar dag og vaflar på fredagar – ein liten, men viktig del av fellesskapet vårt. Her vil du bli ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer som saman jobbar for å skape dei beste løysingane.
Di faglege og personlege utvikling er viktig for oss, og vi gir deg gode moglegheiter for læring og vekst. I tillegg har vi attraktive velferdsordningar, inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
Klar for å bli med ombord?
Om du kjenner deg igjen i mykje av det vi beskriv – og vil bruke kompetansen din til å utvikle både menneske og selskapet – vil vi veldig gjerne høyre frå deg.
Skap framtida di saman med oss – bli med og sett kursen for framtidas Fjord1!
Kontaktinformasjon
Heidi Felle, HR-rådgjevar, +47 48222791, heidi.felle@fjord1.noArbeidsstad
Strandavegen 156905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4969168408
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted