Helsefagarbeidar - fast nattstilling ved Giske omsorgssenter
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Valderøya, 6050 Valderøya, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - fast nattstilling ved Giske omsorgssenter
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 45%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. juni
Vi har ledig om lag 45 % fast nattstilling på natt som helsefagarbeidar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter frå 01.09.2025. Det kan vere mogeleg å auke opp stillinga med dagvakter eller kveldsvakter.
Giske omsorgssenter ligg på Valderøya og har to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling, med totalt 30 plassar. I bygget er også dagsenter, heimebasert omsorg, sentralkjøkken, fysio- og ergoterapitenesta og kvardagsrehabilitering lokalisert. Denne nattstillinga ligg under Giske omsorgssenter.
Stillinga inngår i turnus med tre vakter kvar 3. helg.
Vi søkjer ein engasjert helsefagarbeidar som kan sikre god pasientbehandling og utføre oppgåver etter gjeldande lover og forskrifter, og som ønskjer å bidra aktivt til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø. Ta gjerne kontakt per telefon om du har spørsmål.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning.
- God digital kompetanse.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Sertifikat for bil.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Moderne lokaliteter og funksjonelt utstyr med fokus på velferdsteknologi (som kamera, sensorar) og forbetringsteam.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702316
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, +47 92620535
Arbeidsstad
Valderøya6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4982105729
Stillingsprosent: 45%
Fast
Startdato: 01.09.2025
Søknadsfrist: 23.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Janita Engeset Ellingseter
einingsleiar
+47 92620535
Sofie Katrin Holmeset
avdelingsleiar
41702316
Elin Karin Hopland
nestleiar
41702318
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e6068cd7-f0f5-4e22-ab22-4925205361e3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
765e8b4898674602850c9dd092ff8420