Rådgjevar eigedomsforvaltning
Alver kommune
Havnevegen 41 A (Kommunehuset på Frekhaug), 5918 Frekhaug
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar - 100% fast - Eigedom
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. juni
Om stillinga og avdelinga
Avdeling for eigedom søkjer ein engasjert og fagleg sterk rådgjevar som vil vere med å utvikle og forvalte kommunale bygg som skular, barnehagar, sjukeheimar, idrettsanlegg og kulturbygg. Som rådgjevar bidrar du til å sikre god drift, strategisk planlegging og framtidsretta utvikling av kommunen sine eigedommar.
Alver kommune er ei kommune i utvikling. Vi har mange pågåande prosjekt knytt til vedlikehald og vidareutvikling av kommunale bygg, planarbeid knytt til vedlikehald og systemutvikling innan eigedomsforvaltning. Avdeling for eigedom har og ein nøkkelrolle i kommunen sitt arbeid med tenesteyting og samfunnsutvikling. Eigedom har og eit utstrekt samarbeid på tvers i kommunen og har også mykje kontakt med næringslivet, utbyggjarar og private i samband med byggeprosjekt og utbetringar.
Avdeling for eigedom består i dag av ni tilsette og tilhøyrer tenesteområet Eigedomsforvaltning. Eigedomsforvaltning sit i moderne lokaler på Frekhaug kommunehus, med gangavstand til bussterminal og hurtigbåt til Bergen. På kommunehuset er andre tekniske fag og planfag samla. Saman skaper vi eit sterkt fagmiljø.
Alver er ein kommune med mykje flott natur, gode lokalsamfunn og ein kommune i stor utvikling.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming innan eigedomsforvaltning, inkl. vedtak for kommunen som grunneigar og byggeigar
- Koordinering av konseptarbeid og planlegging av kommunale investeringsprosjekt
- Tekniske vurderingar og godkjenning av planar for bygg og eigedom
- Oppfølging og kontroll av utbyggingar, både administrativt og på byggeplass
- Ansvar for tilstandsanalysar, vedlikehaldsplanlegging og vurdering av tiltak
- Deltaking i større tverrfaglege prosjekt og planarbeid på tvers av sektorar
- Bidra til utvikling og oppfølging av strategiar, normer, rutinar og retningslinjer
- Innkjøp, anbodsprosessar og byggherreansvar i samarbeid med rådgjevarar og konsulentar
- Samarbeid på tvers av avdelingar og fagmiljø
Kvalifikasjonar
- elevant høgare utdanning innan ingeniørfag, bygg og anlegg, økonomi, juss eller liknande - relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- Erfaring frå eigedomsforvaltning, byggjesak, prosjektleiing, offentleg forvaltning eller innkjøp
- God forståing for tekniske, juridiske og økonomiske aspekt ved eigedomsdrift og -utvikling
- Evne til å vurdere utbyggingsprosjekt, temaplanar og tekniske spørsmål frå innbyggjarar og næringsliv
- Kjennskap til formelle krav i planlegging og utføring av byggjetiltak
- Erfaring med teknisk teikning er ein fordel
- Bakgrunn frå konsulent- og/eller entreprenørbransjen er positivt
- Førarkort klasse B
Kven er du?
- er systematisk, strukturert og sjølvstendig
- har gode samarbeidsevner og trivst med tverrfagleg samarbeid
- er løysingsorientert og initiativrik
- kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg på norsk
- har erfaring med digitale verktøy/system
- ønskjer å bidra til utvikling og nytenking
- møter arbeidskvardagen med engasjement og godt humør
Me tilbyr
Vi kan tilby ei utviklande og sjølvstendig stilling i eit variert og meiningsfullt fagfelt. Du blir del av eit inkluderande arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer – der samarbeid, fagleg utvikling og trivsel står i sentrum.
Hos oss får du:
- Ein variert arbeidskvardag i eit fagleg sterkt miljø
- Moglegheit til å påverke og forme framtidas kommunale bygg og løysingar
- Oppfølging, rettleiing og rom for fagleg og personleg utvikling
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Moglegheit til å utvikle ferdigheiter i relasjonsarbeid, sjølvstende og tilhøyrsel
- Fleksibel arbeidstid og høve til å påverke eigen kvardag
- Konkurransedyktige vilkår og pensjonsordning i KLP
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommuneKontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted