Hopp til innhold

Lærlingar i IKT-driftsfaget

Arbeidsgiver

Helse Vest IKT

Sted

Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Lærlingar i IT-driftsfaget
Oppstart
10. august 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Sjukehussektoren er i ei rivande utvikling. Sikker og moderne IKT er ein viktig bidragsytar for at sjukehusa skal kunne drive effektivt og godt, også i framtida. Helse Vest IKT har ansvar for produksjon av IKT-tenester til alle sjukehus i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og sikkerheit. Med omlag 1500 system, 4000 serverar og i overkant av 30 000 sluttbrukarar, er vi blant dei største IKT-miljøa på Vestlandet.

I år skal vi rekruttere tre lærlingar innan IT-driftsfaget til eit skreddarsydd opplegg for lærlingar, der fleire av våre områder er involvert. Du vil få brei kompetanse og moglegheita til å bli kjent med ein verksemd som har eit viktig, meiningsfylt og samfunnsnyttig oppdrag; nemleg å effektivisere pasientbehandlinga. 

Arbeidsstad er i Bergen. 

Arbeidsoppgåver

I løpet av læretida på to år vil du mellom anna lære om hardware, software, brukarsupport 1.-3.linje, nettverk, server, varebestilling, vareleveranse, og skybaserte tenester. 

Kvalifikasjonar

  • Du har fullført og bestått VG1 ITM/Informasjonsteknologi og medieproduksjon og VG2 IT/Informasjonsteknologi innan august 2026.
  • Du har oppnådd vurderinga "god" i både orden og åtferd i VG1 og VG2.
  • Du har lite fråvær i VG1 og VG2.
  • Du har grunnleggende kompetanse innen IT.
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.

Personlege eigenskapar

  • Vi har tilsette som er ulike i veremåte og arbeidsform, og det liker vi!
  • Du kan vere mykje forskjellig og likevel passe veldig godt inn hos oss.
  • Men nokre grunnhaldningar er vi likevel ute etter, som ærlegdom, fagleg interessert og arbeidsvillig.
  • Du er også pliktoppfyllande og lojal, kan og vil samarbeide, og du har god ordenssans.
  • Du er nysgjerrig, liker å jobbe med andre og vet at det er smart å spørre når du lurer på noe.

Vi tilbyr

  • Ein allsidig opplæring i ein offentleg verksemd. 
  • Brei kompetanseutvikling gjennom varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver. 
  • Gode arbeidsverktøy. 
  • God oppfølging både fagleg og sosialt av mellom anna fagleg leiar og instruktørar.
  • Eit uformelt og inkluderande arbeidsmiljø. 
  • Moglegheit til å fordype deg i eit eller fleire fagområder etter interesse.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Mathias Havre Fosen, Tekniker IKT, Faglig leder for lærlinger, 94898779
Tove Alice Koll Frafjord, Senior HR Rådgiver, +47 40923023

Arbeidsstad

Bjørnsons gate 29
5052 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Vest IKT

Referansenr.: 5060736129
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 09.08.2028
Søknadsfrist: 16.02.2026

Om bedriften

Helse Vest IKT leverer alle IKT-tenester til spesialisthelsetenesta i Helse Vest. Våre kundar er både dei offentlege sjukehusa i Helse Vest, samt fleire private helsetenesteleverandørar i regionen. Vi har kontor i Bergen, Stavanger, Førde og Haugesund.

Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e5afe661-2742-47bc-94b9-80fb7cfa98f9

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ab84c683af3f4e1384c295b858c7c2fc

Lignende annonser

Laster lignende annonser