Internrevisor
Høgskulen på Vestlandet
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Internrevisor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Høgskulen på Vestlandet, Fellesadministrasjonen, har ledig stilling som internrevisor
Er du ein analytisk og initiativrik revisor med stor gjennomføringsevne? Ønsker du å bidra til å levere verdiskapande revisjonar og rådgjeving, som tar utgangspunkt i Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin strategi, mål og risiko? Då er du kanskje vår nye internrevisor.
Internrevisjonen er eit viktig element i høgskulen sitt system for styring og kontroll. Internrevisjonens arbeidsområde omfattar revisjons-, tilsyns- og rådgjevingsoppgåver.
Som internrevisor rapporterer du fagleg til styret, og utgjer i lag med personvern- og studentombodsstillingane, viktige uavhengige kontroll- og tilsynsfunksjonar ved høgskulen. Internrevisor har heile høgskulen som revisjonsområde, og som internrevisor vil du ha ei brei kontaktflate mot høgskulen sine ulike einingar og fagmiljø på våre fem campus. Internrevisjonen jobbar etter dei internasjonale standardane for internrevisjon (IIA-standardane).
HVL har en samarbeidsavtale med Nord universitet, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder om felles internrevisjonar. Internrevisorane ved dei andre universiteta er viktige samarbeidspartnarar og eit fagleg nettverk for deg som internrevisor ved HVL.
Arbeidsplass for stillinga er campus Førde, Sogndal, Bergen, Stord eller Haugesund.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
God internrevisjon skaper verdiar gjennom betre leiingsinformasjon, kvalitetssikring av prosessar og avgjerdsgrunnlag, og ved å sikre etterleving av lover, reglar og interne rutinar. For å møte framtidas utfordringar og bidra til ein meirverdi for høgskulen, søker vi etter ein internrevisor som kan:
- Planlegge og gjennomføre stadfestings, revisjons- og rådgjevingsoppdrag basert på risikovurderingar, samt å komme med anbefalingar og foreslå tiltak som bidrar til forbetringar og gir verdi i den daglege drifta og i eit strategisk perspektiv
- Ta ansvar i å bygge opp og vedlikehalde eit overordna system for risikostyring
- Delta i internrevisjonssamarbeidet med Nord universitet, Universitetet i Stavanger og Universitetet i Agder (to felles revisjonar årleg)
- Bidra til å forebyggje og avdekke feil, utilbørlege forhold og manglande etterleving av regelverk
- Vere ein strategisk rådgjevar innanfor styring, kontroll og risiko
- Ha løpende dialog med dagleg leiing og styret
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Fortrinnsvis utdanning innenfor revisjon, men søkarar med utdanning på masternivå eller tilsvarande innan økonomi, jus eller samfunnsvitskapelege fag vil òg bli vurdert. Lang og relevant praksis kan kompensere for delar av utdanningskravet
- Erfaring frå revisjons- tilsyns- og utgreiingsarbeid
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er i tillegg ønskeleg med:
- Statsautorisert revisor
- Diplomert internrevisor
- Erfaring frå offentleg verksemd
- Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
Personlege eigenskapar:
- Du er sjølvstendig
- Du har stor gjennomføringsevne og ser det positive i høge krav til kvalitet
- Du har fagleg og personleg integritet, og evne til å skape tillit på alle nivå i organisasjonen
- Du er analytisk, strukturert og nøyaktig, samtidig som du evner å tenkje heilskapleg og sjå samanhengar
- Du er oppdatert på faget og har det revisjonsfaglige blikket i alle saker
- Du er initiativrik og opptatt av kontinuerleg forbetring
Vi tilbyr:
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Gode arbeidsvilkår (f.eks. fleksibel arbeidstid, sommartid, trening i arbeidstida o.l.)
- Tiltreding etter avtale.
Stillinga som revisor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1364 - seniorrådgivar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Leder, Bjørg Kristin Selvik, 55 58 75 56
2) Organisasjonsdirektør, Tage Båtsvik, 53 49 14 05
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Sektor
Offentlig
Nettsted