Fast stilling for psykolog
Avdeling for rusmedisin, AFR Askøy, Helse Bergen
Haugane 8, 5307 Ask
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Avdeling for rusmedisin består av fem døgnseksjonar, ein forskingseksjon, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar. Den ledige stillinga er i seksjon Askøy som held til i flotte, moderne lokale på Ask kun ein halv times køyretid frå Bergen sentrum. Det er òg godt båt- og bussamband til Askøy.
På seksjon Askøy jobber vi tverrfagleg og i team. Hos oss vil du med jobbe tett saman med legar, psykologar, sosionom, sjukepleiar, vernepleiar, treningsterapeut, erfaringskonsulent og sekretær. I avdeling for rusmedisin har vi stort fokus på at du som psykolog skal få fagleg utvikling, Vi er opptatt av å legge til rette både for individuell vidareutdanning med rettleiing, og felles kompetanseheving.
Seksjonen har ein stabiliseringseining med plass til 13 pasienter, der behandlinga fokuserer på å stabilisere endringane pasienten har oppnådd. Pasientane har ofte samansette helseutfordringar, som ikkje har blitt diagnostisert tidlegare på grunn av rusbruk. Vi kartlegg og diagnostiserer desse plagane for å finne ut kor pasientane vil få best hjelp. Målet er å legge til rette for eit best mogleg og individuelt tilpassa behandlingsforløp for kvar pasient. Det er i stabiliseringsposten det nå er ledig fast stilling for psykolog. Seksjon Askøy har og 12 plassar for døgnbehandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med individuell tilnærming og gruppeterapi.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål!
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging, utgreiing og behandling av rusavhengige pasientar
- Arbeide i tett team med blant anna lege og erfarne miljøterapeuter
- Samhandling og rettleiing av samarbeidspartnarar internt og eksternt mot kommunale tenester
- Deltaking i internt utviklingsarbeid, rettleiing og undervisning
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknad
Utdanningsnivå
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Inkluderande og trygt arbeidsmiljø
- Tilrettelegging for relevant spesialiseringsløp
- IA-bedrift
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Vibeke Handeland, Seksjonsleiar, 56 15 51 60/ 416 63 204Arbeidsstad
Haugane 85307 Ask
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4637030921
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.04.2023
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2290029
- Hentet fra
talentech
- Referanse
211e220a8b0e4c2e8c60fcad4fc36704