Hopp til innhold

Sommarjobb for ungdom 16-18 år

Arbeidsgiver

Høyanger kommune Høyanger kommune

Sted

August Gunnarskogs gate, 6993 Høyanger

Om jobben

Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. mars

Høyanger kommune tilbyr ungdom mellom 16 og 18 år sommarjobb i 3 veker kvar sommaren 2026.


Kun ungdom med heimstad i Høyanger kommune kan bli tildelt sommarjobb.


Utvelging skjer etter alder, der dei eldste får først. Dei som fyller 18 år etter 01.07.26 og 16 år før 01.07.26 blir vurdert.


Vi har sommarjobbar innanfor park/grøntanlegg, reinhald, arbeid saman med vaktmeister på ulike bygg, sjukeheimar (mat-/miljøvert) og innan kultur (bibliotek/galleri m.m ).


Søknad må innehalde:


• fødselsdato
• tidsrommet ein kan arbeide
• telefonnummer

Søkjarar som går på helse- og sosialfag i vidaregåande skule blir bedne om å oppgje dette i søknaden.


Varsel om tildelt sommarjobb vil komme i Altinn eller Digipost. Signering av arbeidskontrakt skjer fortrinnsvis gjennom elektronisk signeringsportal. Det er difor hensiktsmessig at søkjarar har bankID.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Personalsjef Arnvid Hovland

+47 99206457 +47 57711515

arnvid.hovland@hoyanger.kommune.no

Om bedriften

Høyanger kommune er ein langstrakt kommune som ligg på begge sider av Sognefjorden i Vestland fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen og vakker natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4000 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode oppvekstvilkår med gode skule- og barnehagetilbod samt variert fritidstilbod innan idrett og musikk. Vi har gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e58ac96e-28f6-4ecc-baf0-03602f343f8d

Sist endret

27. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3601167_140387_nn

Lignende annonser