Utdanningsstilling intensivsjukepleie
Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Utdanningsstilling intensivsjukepleie
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Helse Førde tilbyr løn under utdanning til sjukepleiar som ønskjer å spesialisere seg i intensivsjukepleie. Ved gjennomført utdanning og bestått eksamen vert det garantert fast stilling som spesialsjukepleiar i Helse Førde. Arbeidsstad vil vere ved Intensivavdeling, Førde sentralsjukehus.
Føresetnad for å nytte seg av tilbodet er at ein kan dokumentere studieplass for relevant utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre utdanning i samsvar med studieoppsett for intensivsjukepleieutdanning
- Den som får utdanningsstilling må pårekne 20% stilling utanom 90% utdanningsstipend, knytt til å arbeide i avdeling kvar 3.helg under utdanninga. Sommaren 2026 må ein jobbe i 100% stilling, i minimum 4 veker.
Kvalifikasjonar
- Må ha autorisasjon som sjukepleiar, med minimum 2 års praksis
- Dokumentasjon på tilsettingsforhold som sjukepleiar i nedslagsfeltet til Helse Førde.
Personlege eigenskapar
- Må kunne ivareta pasienten i ei høgteknologisk avdeling
- Må kunne samarbeide i tverrfaglege og varierte team
- Ha evne til å arbeide i avdeling med høgt tempo
- Evne til å kunne ta initiativ og arbeide sjølvstendig
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn tilsvarande 90% av full stilling etter gjeldande ansiennitet i samsvar med overeinskomst mellom Spekter og NSF, del A2, pkt.1.3.1. Lønn vert berre utbetalt i dei månadene studiesemesteret varer, dvs. ikkje i juli og august. For dei som skal jobbe 3 kvar helg kjem 20% stilling i avdeling utanom utdanningsstillinga.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fast 100% stilling som spesialsjukepleiar med atterhald om gjennomført og bestått praksis og eksamen
- Bindingstid 3 år i samsvar med storleik på godtgjering i utdanningstida
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Wenche Hårklau, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 080Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4987318038
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.07.2025
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e584ff91-b3e2-454e-96dd-d2ced8353bbf
- Hentet fra
talentech
- Referanse
160755335b174ef491306cd58c04ab13