Regnskapskonsulent – 100% vikariat
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
Stillingstittel
Regnskapskonsulent – 100% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søker etter nokon som har erfaring med regnskap, og som er grundig, nøyaktig og sjølvstendig. Vi er ei avdeling med eit godt og engasjert fag- og arbeidsmiljø. Økonomiavdelinga har ansvar for regnskapsføring, fakturering og innfordring for kommunen og andre offentlege verksemder. Vi bidreg også med val-gjennomføring og andre stabsfunksjonar. I 2025 skal vi implementere nytt økonomisystem. Avdelinga består for tida av fem medarbeidarar og ein økonomisjef. Vi håpar dette høyres interessant ut for deg og gledar oss i så fall til å lese din søknad!
Arbeidsoppgåver
- Registrering, kontroll og avstemming av regnskap
- Oppfølging og veiledning overfor tenesteområda
- Bidra i implementering og vidareutvikling av digitale løysingar og interne rutinar
- Kommunikasjon eksternt og internt
- Anna arbeid i økonomiavdelinga
Kvalifikasjonar
- Personlege eigenskapar egna for arbeidet
- Erfaring frå regnskapsarbeid og anna relevant økonomisk arbeid
- Relevant utdanning innanfor regnskap/økonomi er ønskeleg, og kan til ein viss grad kompensere for manglande erfaring
- God digital forståing
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har interesse for faget, er positiv, serviceinnstilt, effektiv, nøyaktig, har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig. Du er løysingsorientert, og har vilje og evne til å setja deg inn i ny teknologi og nye arbeidsoppgåver.Det må påreknast noko ekstraarbeid i periodar, primært i samband med årsoppgjer.
Vi tilbyr
- Ordna arbeidsforhold.
- Fleksitidsordning med kjernetid og sommartid.
- Nødvendig opplæring og veiledning.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår i KLP.
Kontaktinformasjon
Elin Myhre, Økonomisjef, +47 45211972Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 Heggenes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4927913667
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.03.2025
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2876918
- Hentet fra
talentech
- Referanse
13561f4520f646748d8a5dbc41766575