Kjøkkenassistent - 74,18 % fast stilling
Stiftelsen Røde Kors Nordisk United World College
Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke, Fjaler
Om jobben
Stillingstittel
Kjøkkenassistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 74%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Som kjøkkenassistent ved UWC RCN er du nøyaktig, flittig og oppteken av å ha det kjekt på arbeid saman med gode kollegaer. Vi har i dag åtte heil- og deltidsstillingar ved kjøkkenet, og frå sommaren/hausten 2023 har vi behov for å tilsette enno ein flink person for å erstatte ein av våre tilsette som går av med pensjon.
UWC Røde Kors Nordisk er eit unikt miljø og på ein unik stad. Du vil neppe finne liknande miljø med slik variasjon i mangfald, utfordringar og interessante oppgåver. Vi er eit fleirkulturelt samfunn, der alle har eit ansvar for studentane og gjestane si velferd, utdanning og opplæring, og der vi jobbar tett ilag. Dette kan til tider vere krevjande, men er samtidig veldig gjevande.
ArbeidsområdeSom assistent ved UWC sitt kjøkken vil du hovudsakleg arbeide med å førebu måltid (pålegg, frukt, salat m.m.), samt vaske og rydde i samband med dei tre daglege og faste måltida. Vi har eigne kokkar som lagar dei varme måltida.
Teamleiar og Operational Team Leader (OTL) er dine næraste leiarar.
Du vil inngå i ein turnusplan som inneber arbeid morgon, middag og kveld, og sidan skulen er heim for omlag 200 studentar så vil det også inngå helgarbeid kvar tredje veke i turnusen.
Arbeidsoppgåver- Utføre daglege oppgåver knytt mot servering av frukost, lunsj og middag
- Ta i mot mat- og daglegvarer
- Oppvask, og vask av bord og golvareal i kantina
- Ynskjeleg med erfaring innan kjøkken-/kantinedrift eller matservering, men dette er ikkje eit krav
- Evne til å yte god service til elevane og gjestane våre
- Norsk er arbeidsspråk i kvardagen, men sidan vi er ein internasjonal skule må ein også kunne kommunisere på engelsk
- Interesse for mat
- Ynskje om å vere del av eit team som er ein særs viktig del av skulen
- Vere høgt motivert, ha god struktur og like og evne å jobbe sjølvstendig og i team
- Ha høg integritet og kan trivast med arbeid i eit dynamisk miljø med elevar og tilsette med ulik kulturell og etnisk bakgrunn, jamfør UWC sine verdiar og misjon
- Ein strukturert arbeidskvardag med høve til ulike kurs og eigenutvikling
- Løn etter KS tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilgang til Røde Kors Haugland rehabiliteringssenter sine basseng og treningsrom
- Tilgang til ulike utandørsaktivitetar, organisert gjennom skulen
UWC Røde Kors Nordisk er eit unikt miljø og på ein unik stad. Du vil neppe finne liknande miljø med slik variasjon i mangfald, utfordringar og interessante oppgåver. Vi er eit fleirkulturelt samfunn, der alle har eit ansvar for studentane og gjestane si velferd, utdanning og opplæring, og der vi jobbar tett ilag. Dette kan til tider vere krevjande, men er samtidig veldig gjevande.
Ein må legge fram Politiattest som ikkje er eldre enn tre månadar før ein kan ta til i stillinga.
Dersom dette er arbeidsoppgåver og ei stilling som kan passe for deg, ber vi om at du sender ein enkel søknad og CV til appointments@uwcrcn.no.
Søknadsfrist er 12.04.2023.For spørsmål til stillinga, kontakt OTL (Operational Team Leader)Fredrik Gustafsson på tlf. 476 70 833, eller fredrik.gustafsson@uwcrcn.no
Om bedriften
United World College Red Cross Nordic(UWC RCN) vart grunnlagt i 1995 på Haugland i Fjaler kommune. Skulen er ein internatskule med omlag 200 studentar frå meir enn 80 ulike nasjonar, med undervisning basert på International Baccalaureate Diploma Programme (IB). Etter to år ved UWC RCN startar dei fleste studentane høgare utdanning ved prestisjefylte universitet verda over. Skulen arrangerer òg sommarleirar for barn i samarbeid med Røde kors og leirskuleopphald for norske skuleklassar. Skulen har i dag 60 fast tilsette, med omlag ein halvpart innan undervising og den andre innan administrasjon og støttefunksjonar.
UWC RCN er eit unikt miljø på ein unik stad. Du vil neppe finne liknande miljø med slik variasjon i mangfald, utfordringar og interessante oppgåver. Vi er eit fleirkulturelt samfunn, der alle har eit ansvar for studentane og gjestane sin velferd, utdanning og opplæring, og der vi jobbar tett ilag. Det kan til tider vere krevjande, men er samtidig veldig gjevande.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2287519
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e5184c8f-038f-489c-939c-54d0b3b4db35