Fagarbeidar
Luster kommune Skjolden oppvekstsenter
Bolstadvegen 7, 6876 Skjolden
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. februar
Skjolden oppvekstsenter ligg på ei høgde rett over sentrum av Skjolden med unikt utsyn utover Lustrafjorden. Det er kort veg til møteplassen i bygda, Fjordstova, som har symjebasseng, gymsal og klatrevegg. Oppvekstsenteret har eit stort og flott uteområde med hinderløype, ballbinge, grusbane og tennisbane.
Skulen er fådelt med aldersblanda klassar. Inneverande skule- og barnehageår er det 21 elevar på 1.-5. trinn og 24 plassar i barnehagen. Det er positiv utvikling i barnetalet i krinsen. Dette året er det 17 tilsette ved oppvekstsenteret fordelt på om lag 11 årsverk. Barnehageavdelinga er under ombygging dette halvåret for å kunne utvide til to barnehageavdelingar og gjev også betre fasilitetar for barnehagepersonalet.
Både barnehagen og skulen brukar nærmiljøet mykje i opplæringa. Lokalhistorie og friluftsliv er viktig for opplæringa. Eit felles satsingsområde for heile oppvekstsenteret er psykisk helse og programmet COS, tryggleikssirkelen, med vekt på trygge barn og gode relasjonar. Visjonen for oppvekstsenteret er «Rom for alle, blikk for den enkelte».
Stillingsinformasjon- barne- og ungdomsarbeidar, eventuelt anna relevant utdanning
- erfaring frå barnehage er ønskeleg
- beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg
- kan jobbe systematisk og målretta
- vere fleksibel og skape gode relasjonar til både born, foreldre og medarbeidarar
- tydeleg vaksenperson som både er omsorgsfull og kan setje grenser
- eit reflektert pedagogisk grunnsyn
- har høg arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- takle høgt arbeidspress
- Naudsynt opplæring i administrative verktøy som kommunen nyttar, vil bli gitt
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- Den tilsette må legge fram politiattest
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e513d230-e814-49aa-9991-22ce932d914e
- Sist endret
26. januar 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3587789_220865_nn
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Luster kommune Skjolden oppvekstsenter
Sted
Skjolden
Arbeidsgiver
Luster kommune Oppvekst
Sted
Gaupne
Arbeidsgiver
Luster kommune Luster omsorgssenter
Sted
Luster