Hopp til innhold

Ferievikarar

Arbeidsgiver

Open omsorg ytre, Bremanger kommune

Sted

Stasjonsvegen 2, 6727 Bremanger

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar - Open omsorg ytre
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i dag

I Bremanger kommune, open omsorg ytre, søkjer vi motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar for sommaren 2026 i:

  • Heimesjukepleien
  • Heimehjelp
  • Tenesta for menneske med nedsett funksjonsevne, Hogslia/Amtskaia
  • Haugetun bukollektiv

Spesifiser i søknaden kor du vil jobbe.


Kvalifikasjonar

Vi søkjer personar med erfaring frå pleie og omsorg, gjerne ferdig utdanna - eller under utdanning innan helse-og sosialfag. Personar med interesse for helsefaget, er positive og arbeidsvillege er òg hjarteleg velkomne til å søkje.

Den som vert tilsett må kunne nytte norsk munnleg og skriftleg godt, då kommunikasjon og dokumentering er ein stor og viktig del av arbeidet.

Personlege eigenskapar

Personar med interesse for helsefaget, er positive og arbeidsvillege er òg hjarteleg velkomne til å søkje.

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • Vi kan tilby utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • Etter fullført godkjent utdanning vert ein lønna som fagpersonell som ellers i kommunen. Tilsetjing skjer etter gjeldande lover og reglar.

Kontaktinformasjon

Karine Igland, Drifssjef Open omsorgs ytre, +47 959 82 940

Arbeidsstad

Stasjonsvegen 2
6727 Bremanger

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5064847578
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Karine Igland

Drifssjef Open omsorgs ytre

+47 959 82 940

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e4ef41b5-191d-429a-a3df-d774210899f5

Sist endret

16. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

9c81ea569a4b42678e75e8576c69fbe2

Lignende annonser

Ferievikar - Bremanger sjukeheim

Arbeidsgiver

Bremanger sjukeheim, Bremanger kommune

Sted

Kalvåg