Vil du vere med å forme framtidas næringsliv i Årdal?
Årdal Teknologipark AS
Verksvegen 5, 6884 Øvre Årdal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Daglig Leder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Dette er ei unik moglegheit for deg som ønskjer å bidra til berekraftig vekst og nyskaping i Årdal og regionen rundt. Årdal Teknologipark AS er eit utviklingsselskap med mål om å vere ein katalysator for grøn industri, sirkulærøkonomi og framtidsretta næringsetablering. Selskapet er eigd av Årdal Utvikling, Hydro Aluminium og Årdal Energi, og står sentralt i arbeidet med å gjennomføre den strategiske næringsplanen for Årdal kommune.
Kva rolle får du?Som dagleg leiar vil du få:
-
Ei ny og spennande leiarrolle, med høve til å vere med og forme organisasjonen frå grunnen av.
-
Støtte frå sterke eigarar og eit engasjert styre, med rom for å tenkje stort og handle målretta.
-
Ein nøkkelposisjon i det lokale utviklingsarbeidet, der du får jobbe tett på både næringsliv, kommune og samfunn.
-
Eit variert og meiningsfullt arbeid, frå idéutvikling og samarbeid til gjennomføring og realisering av konkrete prosjekt.
Me søkjer ein person som:
-
Har evne til å sjå moglegheiter, byggje nettverk og drive prosessar framover.
-
Har erfaring frå næringsutvikling, eigedomsutvikling, teknologi, energi eller samfunnsutvikling.
-
Er ein initiativrik og samlande leiar med god strategisk forståing.
-
Trivst med både operativt arbeid og langsiktig utvikling.
Om bedriften
Årdal Teknologipark er ein industripark i samarbeid mellom Årdal Utvikling, Hydro Aluminium og Årdal Energi som bidreg til vekst og utvikling av Årdal og ein meir variert og robust næringsstruktur.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e4b59825-bf9b-40a6-91ae-368df473ecba
- Hentet fra
FINN
- Referanse
415188576