Jurist/rådgiver/førstkonsulent
Hustad fengsel
Hustadvegen, 6444 Farstad
Om jobben
Stillingstittel
Jurist/rådgiver/førstekonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
Kriminalomsorga Hustad fengsel søker etter jurist i 100% fast stilling.
Stillinga omfattar sakshandsaming etter straffegjennomføringslova for dei innsette ved Hustad fengsel, samt arbeid knytt dei dei øvrige straffegjennomføringseingane i Kriminalomsorgen region Vest.
Juristen arbeider tett saman med fengselsleiar og assisterende fengseleiar. Stillinga er ein viktig støttefunksjon i drifta av fengselet.
Kriminalomsorga Hustad fengsel er plassert midt mellom byane Molde og Kristiansund i Hustadvika kommune. Vi kan tilby flott natur og mange turmål både sommar og vinter.
Hustad fengsel har 60 soningsplassar fordelt på høg og lav sikkerheit, organisasjonen har omkring 50 tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsame søknader frå innsette og domfelte etter straffegjennomføringslova, forvaltningslova og anna relevant lovverk
- Rettleie innsette gjennom individuelle samtaler og presentasjonar
- Gje råd til tilsette om straffegjennomføringslova og forvaltningslova, samt annet relevant lovverk
- Leie tverrfagleg møte ved fengslet med interne og eksterne deltakarar. Møtet er eit forum for informasjonsutveksling og planlegging av den innsette si straffegjennomføring og tilbakeføring til samfunnet
- Sakshandsame søknader om soningsutsetting for einingane i Møre og Romsdal og nordre Vestland
- Rapportering og innstillingar til overordna nivå.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha- juridisk embetseksamen / master i rettsvitskap
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er eit krav, og det er ønskeleg med gode engelskkunnskapar
- for å blir tilsett som rådgivar, må du ha 3 år relevant areidserfaring
- erfaring frå forvaltningsamabeid
- erfaring med offentleg sakshandsaming
- kjennskap til straffegjennomføringskjeda
Stillinga kan passe for nyutdanna med interesse for straffegjennomføringsfeltet og offentlig samhandling, men då vert ein tilsett som førstekonsulent
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er sjølvstendig, initiativrik og har god gjennomføringsevne
- evne til å samarbeide godt med ulike faggrupper
- jobbar systematisk, effektivt og nøyaktig
- har evne til å planleggje og strukturere ein arbeidskvardag med mange oppgåver og prosessar
- avgjerdsevne, kreativitet, fleksibilitet og evne til etisk refleksjon
- evne til å arbeide i eit travelt miljø der ein raskt må omstille seg
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Kantineordning, moglegheit for trening i arbeidstida og moglegheit for lading av elbil
- fleksitidsordning med kjernetid mellom 09.00- 14.30.
- Stillinga har hovedsakleg kontorstad ved Hustad fengsel i Hustadvika kommune, med moglegheit for tidvis kontorsted etter avtale ved friomsorga Møre og Romsdal
stillinga blir lønt som rådgiver fra kr 517 600 - 689 100 pr år, avhengig av kvalifikasjonar. Førstekonsulentar vert lønna mellom kr 478 000 - 553 000. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fengselsleiar Trude Aarseth tlf 71263010
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Om bedriften
Om kriminalomsorga
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig