Senior controller
Økonomi - Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Senior controller
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søkjer etter ein engasjert føretakscontroller til ei nyoppretta stilling i avdelinga for føretaksøkonomi. Du blir ein del av eit inkluderande fagmiljø med åtte andre controllere, og får høve til å utvikle deg vidare både fagleg og personleg.
Avdelinga for føretaksøkonomi er ein del av økonomiavdelinga, saman med løn og rekneskap og innkjøp. Her jobbar vi tett saman for å sikre god styring og bruk av ressursane i føretaket.
I denne rolla får du få ansvar for å utarbeide grunnlag som støttar gode økonomiske avgjerder, og vere ein viktig sparringspartnar for leiarar og andre beslutningstakarar.
Vil du vere med å påverke korleis vi brukar ressursane våre – og bidra til å utvikle framtidas helsetenester? 👉 Søk no for då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
I denne rolla vil du blant anna:
- Planleggje og følgje opp budsjett- og rekneskapsprosessen.
- Førebu sakar til direktørgruppa og styret i føretaket.
- Følgje opp budsjett og rekneskap.
- Analysere rekneskap og aktivitetar i føretaket.
- Bidra til å utvikle gode rutinar og prosessar.
- Gi opplæring og råd i organisasjonen.
- Delta i regionalt arbeid etter behov.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha:
- Høgare utdanning innan økonomi. Mastergrad er ein fordel, men relevant erfaring kan vege opp for formell utdanning
- Det er ein fordel om du har erfaring som leiar eller rådgjevar.
- Gode datakunnskaper
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- har engasjement
- tek ansvar og har god oversikt, sjølv når det er mykje som skjer
- er god på å sjå samanhengar
- jobbar sjølvstendig og har god gjennomføringsevne
- trivst med å samarbeide med andre og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- kommuniserer klart og tydeleg, både munnleg og skriftleg
- blir motivert av å finne løysningar og støtte andre i arbeidet ditt
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Ei interessant og utfordrande stilling med stort rom for fagleg og personleg utvikling.
- Arbeid i eit inovativ og framoverlent arbeidsmiljø.
- Eit triveleg arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid.
- Konkurransedyktig pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Sølvi Apeland Rogde, Økonomi og finansdirektør, +47 41294054, solvi.apeland.rogde@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4878405422
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e496ebf9-2872-4d1c-9a83-556e073a87aa
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6cea19b2304142f08d408890462962c8