Hopp til innhold

Postdoktor ved AI LEARN

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Christiesgate 12, 5015 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Postdoktor ved AI LEARN
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 23. september

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Postdoktorstilling 

Ved Centre for the Science of Learning and Technology (SLATE), Det psykologiske fakultet, er det ledig ei 100% stilling som postdoktor innan kunstig intelligens, læringsdesign og profesjonsutvikling. Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling på 4 år, og er knytt til det nasjonale senteret for kunstig intelligens og læring, AI LEARN. 


Om AI LEARN

AI LEARN  er det nasjonale senteret for kunstig intelligens og læring og er eit av seks nye nasjonale KI-senter i Noreg. AI LEARN skal utforske samspelet mellom menneske og kunstig intelligens, såkalla hybrid intelligens og korleis dette kan fremje menneskeleg læring og handlingskraft. AI LEARN har som føremål å støtte berekraftig, inkluderande og ansvarleg integrering av KI i både offentleg og privat sektor. Menneske og KI lærer, jobbar og skaper saman, og dette samspelet er ein viktig del av samfunnet, utdanning og arbeidsliv. AI LEARN har 34 nasjonale og internasjonale partnarar på tvers av offentleg og privat sektor og akademia. 


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Postdoktorstillinga vil vere knytt til AI LEARN klynge 4 Kompetansebygging for medvirkning (Capacity building for Empowerment) og vere retta mot kunstig intelligens, læringsdesign og profesjonsutvikling. 

Arbeidsoppgåver
  • Utføre forsking av høg kvalitet om korleis lærarar og skuleleiarar samhandlar med kunstig intelligens, og utforske korleis og kva som må til for at kunstig intelligens kan takast i bruk på ansvarlege måtar i lærings- og profesjonsutvikling og leiarpraksisar i skolen
  • Utføre kvalitativ empirisk forsking i t.d. skule og arbeidsliv
  • Delta aktivt i design og gjennomføring av datainnsamling
  • Samarbeide med fylkeskommunar, kommunar og skular
  • Publisere forsking i internasjonale fagfellevurderte tidsskrift, formidle forskingsresultat og delta på vitskaplege konferansar 
  • Bidra til utvikling av forskingsmiljøet gjennom aktiv deltaking i klynge 4 samt bidra til fellesskapet ved senteret. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjar må
  • ha oppnådd grad tilsvarande norsk doktorgrad (ph.d.) eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • ha doktorgrad innan utdanningsvitskap, pedagogikk eller eit anna relevant samfunnsvitskapleg fag
  • ha erfaring med forsking på læringsanalyse
  • ha erfaring med undervising i skulen 
  • ha god kjennskap til det norske skulesystemet
  • beherske norsk skriftleg og munnleg flytande, då arbeidet inneber kvalitativ datainnsamling (intervju, lyd/video opptak, observasjon) og analyse av kvalitative data på norsk 
  • kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, og vere villig til å samarbeide med andre. Erfaring frå tverrfagleg samarbeid er særleg ønskeleg.
  • ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne i engelsk
Det er fordel om søkjar har
  • erfaring med organisering og leiing av profesjonsutvikling for lærarar i partnarskap med skuler (desentralisert kompetanseutvikling)
  • erfaring med systematisk utprøving og evaluering av ny teknologi som støtte i lærings- og utviklingsprosessar

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på, i tillegg til ambisjonar og potensial. 


Om postdoktorstillinga:

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som formål at den ansatte skal opparbeide seg ein forskarprofil og kompetanse som gjer vedkommande kvalifisert for å søke stilling som førsteamanuensis. Stillingen kan i tillegg gje anna kompetanse med relevans for postdoktoren si vidare karriere. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

Den som vert tilsett, er forventa å bu og arbeide i Bergen, og delta i dei felles aktivitetane ved senteret. 

Etter tilsetjing skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og prosjekt-/senterleiar utarbeide ei prosjektskildring for kvalifiseringsarbeidet, inkludert ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at prosjektet vert gjennomført i løpet av tilsetjingsperioden.

Rettleiar for postdoktoren vil være seniorforskar Kristin Børte. 


Vi tilbyr:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Stilling som postdoktor (kode 1352) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer for tida ei brutto årsløn på kr 685 900. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga (ca 3-4 sider). 
  • Ei detaljert grunngjeving for kvalifikasjonane dine i forhold til dei oppførte krava og korleis du oppfyller kvart kriterium. 
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål for mastergrad og doktorgrad. Dersom du ikkje har fullført doktorgraden må du leggje ved offisiell stadfesting på at doktoravhandlinga er levert inn til bedømming.
  • Relevante attestar
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Inntil tre vitskaplege arbeid du meiner er relevant for vurderinga

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

  • seniorforskar Kristin Børte, klyngeleiar og seniorforskar ved AI LEARN/SLATE, e-mail: kristin.borte@uib.no
  • For HR relaterte spørsmål eller praktiske spørsmål om søknadsprosessen ta kontakt med administrativ leiar ved AI LEARN, Jorunn Viken, jorunn.viken@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.      

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Kontaktpersoner for stillingen

Jorunn Viken

administrativ leiar AI LEARN

jorunn.viken@uib.no

Kristin Børte

forsker

kristin.borte@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e495ea1d-70cd-4c98-a491-13e50e3440c5

Sist endret

2. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10307738

Lignende annonser

Laster lignende annonser