Hopp til innhold

Forskar (mellombels) i KI-forskingsformidling ved AI LEARN

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Christiesgate 12, 5015 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Forskar (mellombels) i KI-forskingsformidling ved AI LEARN
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 23. september

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Forskar 

Vi ønsker deg velkommen som søkjar til ei stilling som forskar (100 %) i KI-formidling ved SLATE, Det psykologiske fakultet, knytt til AI LEARN. Dette er ei mellombels stilling på 1,5 år, med tilsetjing frå november 2026. Arbeidsstad er Bergen.


Om AI LEARN

AI LEARN er eit nytt nasjonalt senter som er dedikert til å styrke menneskeleg læring gjennom ansvarleg, menneskesentrert kunstig intelligens. I ei verd kor KI-system endrar måten vi lærar, arbeider, skapar, leiar og deltek i demokratiet på, tek vårt senter for seg moglegheitene og farane ved hybrid intelligens – menneske og maskinar som arbeider og lærer saman. Vårt mål er å etablere eit internasjonalt leiande tverrfagleg knutepunkt som fremmer grunnleggande forsking, ansvarleg innovasjon, robust styring og brei kapasitetsbygging. AI LEARN er eit konsortium beståande av 34 nasjonale og internasjonale partnarar frå akademia og offentleg og privat sektor.

Seks nasjonale forskingssenter for kunstig intelligens startar opp hausten 2025. Her skal forskarar samarbeide på tvers av fagfelt for å møte utfordringane i samfunnet, forstå korleis KI påverkar oss, utvikle ny teknologi og fremme innovasjon i både næringsliv og offentleg sektor. Sentra er ein del av og finansiert av regjeringa si milliardsatsing på kunstig intelligens dei neste fem åra (regjeringen.no) gjennom Forskningsrådet.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Som nasjonalt senter har AI LEARN ansvar for kommunikasjon, formidling, nytting av resultat (DEC), interessentdialog, og kapasitetsbygging mot ulike målgrupper. I denne samanhengen søker AI LEARN ein KI-forskingsformidlar som vil delta i senteret sin interne og eksterne kommunikasjon.

Trivs du med å byggje bru mellom forsking og samfunn, og er opptatt av å gjøre kompleks kunnskap forståelig og relevant – håper vi at du søker på denne stillinga!

Arbeidsoppgåver:
Vi treng ein person som kan gjere forsking forståeleg og relevant for ulike målgrupper. Du vil arbeide med både praktisk kommunikasjon og forsking på formidling, KI-kompetanseutvikling og samfunnsdialog.

1. Innhaldsproduksjon og forskingsformidling
  • Oversett kompleks forsking på KI, læring, styring og etikk til tydelege og engasjerande bodskap på norsk og engelsk.
  • Planlegge og produsere innhald for:
    • nettsider og nyheitssakar
    • sosiale media, nyheitsbrev og kampanjar
    • kronikkar, reportasjar, pressemeldingar
    • podkast, video, infografikk og enkle animerte format
    • policy briefs og korte kunnskapsnotat til besluttarar
  • Samarbeide tett med forskarar og partnarar for å utvikle kommunikasjonspakker knytt til konkrete prosjekt, case-studiar og pilotar.
2. Arrangement, nettverk og interessentdialog
  • Planlegge og organisere:
    • AI LEARN si årlege showcase-konferanse
    • seminar, webinar, kurs og panelar
    • arenaer for samskaping med brukarar (elevar, lærarar, leiarar, borgarar).
  • Vidareutvikle relasjonar til:
    • nasjonale og internasjonale nettverk (AI LEARN International Network, NORA, Digital Norway, European EdTech Alliance m.fl.)
    • direktorata, kommunar, fylkeskommunar og andre offentlege aktørar
    • teknologi- og edtech-bedrifter, NGO-ar og interesseorganisasjonar.
  • Bistå i oppbygging og drift av NEXUS-aktivitetar og andre kapasitetsbyggjande tiltak for ulike målgrupper.
3. Forsking, utprøving og evaluering
  • Delta i eller initiere prosjekter som undersøker:
    • kordan ulike målgrupper forstår og bruker kunnskap om KI
    • kordan KI-løysningar kan støtte læring, kritisk og kreativ tenking og borgarleg deltaking
    • kva for formidlingsformer og læringsopplegg som faktisk verker (f.eks. mini-kurs, spillbasert læring, museumsopplegg, citizen-workshops)
  • Ha god kontakt i møte med forskarar, partnarar, politikarar og forvaltning
  • Designe og gjennomføre enkle undersøkingar (spørjeundersøkingar, intervju, fokusgrupper, web-statistikk) for å evaluere formidlingstiltak og kapasitetsbyggjande aktivitetar
  • Bidra til rapporter, vitskaplege publikasjonar og populærvitskapelege tekster om vitskapskommunikasjon, AI-kompetanse og samfunnsdialog
4. Administrasjon 

Det kan bli lagt til andre administrative oppgaver til stillinga som i andre forskarstillingar.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Du må:
  • ha oppnådd mastergrad innan kommunikasjon, journalistikk, medievitskap, samfunnsvitskap eller humaniora 
  • ha erfaring med forskings- og kunnskapsformidling, gjerne frå universitet og høgskole, forskingsinstitutt, direktorata eller større kunnskapsorganisasjonar
  • ha svært gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på norsk og engelsk
  • erfaring fra forskingsprosjekt eller evaluering (enkle metodar som spørjeundersøkingar, kvalitative intervjuar, effektmåling av kommunikasjon)
  • erfaring med:
    • tekstproduksjon til ulike kanalar og målgrupper
    • innhaldsproduksjon for digitale flater (f.eks. nettside, SoMe, nyheitsbrev)
    • design, utvikling og etablering av kommunikasjonsstrategi
  • ha erfaring med å planlegge og gjennomføre arrangement (seminar, konferansar, webinar el.l.)
Det er en fordel viss du har:
  • erfaring frå større tverrfaglege prosjekt knytt til KI-forsking 
  • erfaring frå arbeid i eller mot universitets- og høgskulesektor, skule, utdanning eller offentleg forvaltning.
  • erfaring med enkel grafisk design, foto, video, podkast eller andre format for visuell og audiovisuell formidling.
  • erfaring med samarbeid med media og journalistar

Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein person som:

  • trivs med å bygge bru mellom forsking og samfunn, og er opptatt av å gjere kompleks kunnskap forståeleg og relevant
  • kombinerer strategisk blikk med gjennomføringskraft
  • er nysgjerrig på KI og endringane teknologien skapar for læring, arbeid og demokrati
  • er trygg i møte med ulike målgrupper
  • arbeider strukturert, sjølvstendig og planmessig, og trivs i tverrfaglege team
  • har høg etisk bevisstheit og identifiserer seg med verdiar knytt til menneskerettigheiter, demokrati, inkludering og ansvarleg teknologiutvikling
  • er utadretta og likar ein dynamisk arbeidsdag med høgt tempo
  • er oppsøkande i kontakta med både forskarar, partnarar og interessentar 

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.


Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
  • Brutto årsløn som forskar (stillingskode 1108) kr 584 500 - 640 000 i det statlege lønnsregulativet. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om din motivasjon for å søke stillinga ved AI LEARN og denne typen vitskapskommunikasjon
  • CV
  • 2-3 relevante arbeidsprøver (f.eks. artiklar, kampanjar, rapporter, SoMe-eksemplar eller annet forskings- eller formidlingsarbeid)
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar
  • Relevante vitnemål og attestar
  • Dersom du har utanlandsk utdanning må du leggje ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: 

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.


Kontaktpersoner for stillingen

Hiwa Målen

Forskings- og innovasjonsleiar AI LEARN

+4747043470

hiwa.malen@uib.no

Barbara Wasson

Professor og senterleiar

+4791141297

barbara.wasson@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det psykologiske fakultet består av fem institutter og to senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c8bf53f2-2af0-4057-b50f-444cc1650e2e

Sist endret

9. september 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10308531

Lignende annonser

Laster lignende annonser