Prosjektleiar- Samhandling for overgang frå utanforskap til arbeid
Ørsta kommune
Dalevegen 6, 6153 Ørsta
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektleiar -Samhandling for overgang frå utanforskap til arbeid
- Type ansettelse
- Engasjement, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 19. juni
Vil du vere med og utvikle betre samhandling mellom Nav, kommunane og opplæringsløp for å få fleire ut i arbeid og utdanning? Vi søkjer ein strukturert og målretta prosjektleiar som kan drive fram eit viktig utviklingsarbeid i kommunane Ørsta og Volda.
Prosjektstillinga skal bidra til betre samhandling og koordinering på tvers av Nav, kommunane og fylkeskommunen. Målet er å redusere utanforskap ved å rekruttere primært unge til arbeid i den kommunale helse og omsorgstenesta, og legge til rette for kompetanseutvikling for deltakarane i programmet. På sikt er målet å bidra til auka bemanning og ei meir berekraftig teneste
Arbeidsoppgåver
Som prosjektleiar får du eit overordna ansvar for å utvikle, koordinere og følgje opp eit felles deltakarforløp. Du skal sikre framdrift, struktur og kvalitet – både på systemnivå og i oppfølging av den enkelte deltakar
Stillinga er i første omgong eit toårig engasjement, men det kan verte høve til lenging dersom føresetnadane for det ligg føre.
Prosjektleiar skal:
- vere bindeledd mellom Nav, kommunar og opplæring
- koordinere og sikre gode deltakarforløp
- sikre framdrift, struktur og kvalitet i arbeidet
- koordinere samarbeid på systemnivå
- følgje opp progresjon i individuelle deltakarforløp
- identifisere flaskehalsar og bidra til kontinuerleg forbetring
- dokumentere effektar og resultat av arbeidet
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg som:
- har relevant høgare utdanning (helse, sosialfag, HR, organisasjon el.l.)
- erfaring frå prosjektleiing eller utviklingsarbeid er ein fordel
- har kjennskap til helse- og omsorgstenestene
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at du:- er relasjonssterk og samlande og har gode samarbeids- og koordineringsevner
- er gjennomføringskraftig
- er analytisk og løysingsorientert
- er tydeleg og arbeider strukturert og målretta
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert sterkt vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- ei sentral rolle i utvikling av framtidas arbeidskraft
- høve til å påverke samhandling på tvers av sektorar
- spanande og meiningsfull prosjektstilling
- eit tverrfagleg og utviklingsorientert miljø
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida.
Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
Arbeidsvilkår:
Tiltreding snarast.
Ørsta kommune vil vere arbeidsgjevar, med kontorplassering Ørsta rådhus, men stillinga er ein interkommunal ressurs og skal ha virkeområde i begge kommunane.
Stillinga er plassert i HTA kap. 4.
Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.
Prøvetid
Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.
Dokumentasjon
Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.
Om offentleglova
Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Ingunn Gjengedal, kommunalsjef Helse omsorg og velferd Ørsta, 92436245, ingunn.gjengedal@orsta.kommune.noSvein Berg-Rusten, kommunalsjef Helse og omsorg Volda, 91868329, svein.berg-rusten@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 66153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 5139713078
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Sluttdato: 30.06.2028
Søknadsfrist: 19.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Heiltidskultur og inkludering
Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.
Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e4757969-91df-43b6-b862-97f0c5e1e25b
- Sist endret
5. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3932770546094b469ea687747bf97267