Vikariat natt 79,8 %
Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland, Bufetat
Haugane 15, 5212 Søfteland
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat Natt 79,8 %
- Oppstart
- 1. desember 2025
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 24. november
Vi ser etter deg som har eit stort engasjement og hjarte for ungdom som treng trygge og dyktige miljøterapeutar rundt seg, for at dei skal få eit godt liv som vaksen. Ein god barndom varer livet ut.
I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varer livet ut. Vi ligg i front internasjonalt innafor våre fagfelt når det kjem til kunnskapsbasert praksis, der vi både bidreg til og praktiserar den aller siste forskinga. Hos oss møtar du ein arbeidskultur prega av åpenheit og nytenking. Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje låser deg til bestemte løysingar på utfordringane i jobben. For å kunne gje alle våre barn og unge god og tilpassa omsorg, ønsker vi derfor å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Skjoldvegen barnevernsenter, avdeling Søfteland er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 (20) år. Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.2 og 5.1.
Senteret har tre avdelingar; Søfteland, Skjold og Fyllingsdalen, med til saman 14 plassar. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheitar for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.
Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland, har ledig eit vikariat på natt i 79,8 %. Vikariatet er ledig frå snarast, og varar til februar 2027 med moglegheit for forlenging.
Stillinga inneber jobbing på natt, og arbeid kvar 3. helg. På Søfteland er stillinga organisert med to våkne nattevaktar fordelt på tre team.
Det kan også være moglegheiter for andre vikariat av ulik stillingsstorleik og lengder ved eininga.
Arbeidsoppgåvar
Miljøterapi i en omsorgsinstitusjon.
Til oss kjem barn og ungdom når omsorgssituasjonen rundt dei må styrkjast. Dei har samansette og omfattande utfordringar i liva sine. Dette kan vera knytt til psykisk helse, rusproblematikk, ustabile relasjonar, mangel på tillit til system og normbrytande åtferd. Dei kan også ha erfaringar med vald, traume og ustabile buforhold med fleire tidlegare flyttingar.
Målet vårt er å bidra til at ungdomane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv. For å lykkast er det viktig at vi:
- utfører godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metodar og standardiserte forløp
- bidreg til å ivareta rettstryggleiken til ungdomen ved hjelp av god dokumentasjon
- reflekterar over eiga rolle og funksjon i møte med barn, unge, familiar, kollegaer og samarbeidspartar
- arbeider med krise- og stresshandtering og har kunnskap om å stabilisera barn i krise
- arbeidar førebyggjande og handterar åtferd/hendingar der barn og ungdom kan skada seg sjølv eller andre
- identifiserar teikn på, og handterar konsekvensar av omsorgssvikt og vald
- motiverar og engasjerar ungdomane i endringsarbeid, samt sikre at ungdomane får medverka i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hjå oss
- deltek i overlapping ved vaktskifte, ha ansvar for praktiske oppgåver og rutiner i institusjonen
- utførar huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vakten
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relvant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
- Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.
- Du har gode evnar til å bygge relasjonar
- Du har evnar til å la deg engasjera, og kan engasjera og motivera andre.
- Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevnar, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
- Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
- Du ynskjer å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
- Du har evne til å utøve ansvarlegheit i det sjølvstendige arbeidet og evne til å samarbeide i team.
- Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
- Du har evne til å analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing.
- Du har evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap.
- Du er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk.
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Du har god fysisk og psykisk helse.
- Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilstrebar ei lik kjønnsfordeling.
- Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000.
- Løn i høve til utdanning og arbeidserfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Informasjon til deg som søker:
Inkludering og mangfold er ein styrke og gjør at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrer vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkarportalen.
Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utenom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
Stillinga er for tiden lagt til Skjoldveien Barnevernsenter, Avdeling Søfteland.
Politiattest må fremleggast ved tilsetting, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorloven § 2 a, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkalista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje tas til følge.
Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Kontaktinformasjon
Bonita Esther Hanson, 46616484Arbeidssted
Haugane 155212 Syfteland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5037253815
Stillingsprosent: 79,8%
Vikar
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 15.02.2027
Søknadsfrist: 24.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Bonita Esther Hanson
46616484
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e46e2327-21bc-4f67-9d87-a70d81c4e6b9
- Sist endret
7. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
be23216d808f46cba9381dda390d9245
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Sosiale botjenester, Bergen kommune
Sted
Sandsli
Arbeidsgiver
Næromsorg As
Sted
Stord
Feltarbeider
Arbeidsgiver
Utekontakten, Bergen kommune
Sted
Bergen, Bergen