Lege i spesialisering - onkologi/Lege før turnus
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering - onkologi/Lege før turnus
Oppstart
3. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. februar
Onkologi - eit spennande fagfelt i stor utvikling! Vil du vere med på å byggje det beste laget?
Vi søker no primært etter legar i spesialisering (LIS 2/3). Vi oppmodar også legar før turnus som ønsker relevant arbeid og lærerike dagar i eit triveleg og fagleg sterkt onkologisk miljø til å søke.
Seksjonen har 8-delt primærvakt som kandidaten kan verte delaktig i avhengig av kompetansenivå. Startdato frå snarleg, men dette kan avtalast.
Det onkologiske tilbodet i klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal inneheld bl.a:
- Sengepost, stråleterapieining, lindrande team og poliklinikk i Ålesund
- Kreftpoliklinikk og lindrande team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus
- I tillegg har vi spesialisert rehabilitering som ein del av vår klinikk
Onkologi er eit svært spennande og variert fag som utviklar seg raskt. Nye behandlingsmetodar og teknikkar er i stadig utvikling. Onkologiske legar i vår seksjon er i dag delt inn etter faggruppene; uro/sarkom/CNS, GI, malignt melanom, brystkreft/thyroidea og stråleterapi. Onkologi gir rike moglegheiter for forsking, og det er etablert eige forskingsutval i klinikken.
Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Kliniske arbeidsoppgåver vil primært omfatte poliklinikk og drift av sengepost
- Polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisningar, deltaking på MDT-møter, tilsyn og vurdering av stråleterapi etter kvalifikasjon
- Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund avhengig av kompetansenivå
- Deltaking i kliniske studier
Kvalifikasjonar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Medisinsk embetseksamen med autorisasjon som lege i Noreg
- Lege før turnus oppmodast også til å søke
- Du har gode kunnskaper i norsk, både munnleg og skriftleg
- Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientar
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du trivast i eit aktivt, framoverlent og hektisk miljø
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- Du er ansvarsbevisst
- Du deler gjerne kunnskap med andre
- Du har gode kommunikasjonsevner
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Nils Eivind Skottner, 70106939, +47 70106939, Nils.Eivind.Skottner@helse-mr.noArbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4913231623
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 03.03.2025
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2852485
- Hentet fra
talentech
- Referanse
606df5587015458d8b9a9b3bbb701a97