Lærar engelsk, samfunnskunnskap, psykologi og rettslære
AUH - AUSTRHEIM VGS, Vestland fylkeskommune
Mastrevikane 44, 5943 Austrheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling - Lærar i engelsk, samfunnskunnskap, psykologi og rettslære
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Austrheim vidaregåande skule ligg i Mastrevikane i Austrheim kommune. Vi er ein skule med om lag 200 elevar som kjem frå kommunar i Nordhordland samt Gulen og Solund. Skulen har studiespesialisering og ulike yrkesretta studietilbod. Austrheim vidaregåande skule har eit tett og godt samarbeid med næringslivet i Fensfjordområdet med fyrtårna Mongstad og Sløvåg og med kommunane i vårt område. Austrheim vgs set eleven i sentrum under mottoet "Me bryr oss!" ut frå ein filosofi om at trivsel er viktig for læring. Resultata frå elevundersøkingar viser at elevane skårar høgt på trivsel og at dei får faglege utfordringar.
Arbeidsoppgåver
Austrheim vidaregåande skule har frå 01.08.2025 ledig undervisningsstillingar i tilsaman i 180%. Me reknar med å tilsetje to nye medarbeidarar, ei fast stilling og eit årsvikariat.Arbeidsoppgåver er undervisning:
* Engelsk, ca. 100%.
* Psykologi eller rettsvitenskap, ca. 30%
* Samfunnskunnskap, ca. 30%
* Anna undervisning, ca. 20%
Me vil gjere ei heilskapleg vurdering av søknadene, og setje saman til to stillingar ut frå søkjarane sin kompetanse.
Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med:* Undervisningskompetanse i minst to av faga engelsk, samfunnskunnskap, psykologi og rettslære. Når det gjeld engelsk kan det vere tilstrekkeleg med undervisningskompetanse i engelsk, dersom det føreligg undervisningskompetanse i eit anna relevant fag. Undervisningskompetanse i andre relevante fag kan bli vektlagt.
* Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), integrert lektorutdanning eller anna pedagogisk utdanning som gir undervisningskompetanse.
* Erfaring frå undervisning.
Det er krav om framvisning av politiattest.
Personlege eigenskapar
* Eit positivt elevsyn og ser mogleheitar i alle elevar
* Pedagogisk og faglig nysgjerrig
* Utviklingsorientert
* Gode evner til samarbeid, lagtenking og relasjonsbyggjande eigenskapar
* Opptatt av å skape eit trygt og godt læringsmiljø med tydeleg klasseleiing
* Strukturert og sjølvstendig
Vi tilbyr
* Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
* Nært samarbeid med kollegaer, spesielt fagteama for norsk og samfunnsfag
* Høve til å vere med på å forme eit nytt utdanningstilbod
* Eit særs godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
* Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk
* Gode forsikrings- og pensjonsordningar
I følgje offentleglova §25.2.ledd, kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom dette vert gjort
Administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
Kontaktinformasjon
Frode Hervik, rektor , 90565217Arbeidsstad
Mastrevikane 445943 Austrheim
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4956448982
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 04.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Frode Hervik
rektor
90565217
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2919990
- Hentet fra
talentech
- Referanse
acfba1dd0de044e1ad754dbfd15bc70c