Fagarbeidar/assistent
Herøy kommune, Seksjon barnehage
Rådhusgata 7, 6090 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent
Oppstart
4. august 2025
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i dag
Vi søker engasjerte og omsorgsfulle fagarbeidarar og assistentar til våre ledige stillingar. Her får du moglegheita til å vere ein viktig del av kvardagen til barna der leik og læring står i sentrum.
Vi har ledig 2 x 100 prosents mellombels stillingar som fagarbeidar barn og ungdom/assistent i Moltu barnehage. Den eine stillinga er for perioden 04.08.25 - 31.07.26, og den andre er for perioden 01.11.25 - 31.07.26.
Arbeidsoppgåver
- arbeide med barn i tråd med lov, forskrift og lokal rammeplan
- støtte opp om arbeidet med å fremje gode læringsmiljø for alle barn
- følge opp barn med behov for ekstra hjelp og støtte
- utføre praktiske oppgåver både ute og inne
For arbeid i barnehage må ein kunne følge barnehagen sitt vaktsystem
Kvalifikasjonar
- primært fagbrev barn og ungdom, eller anna relevant utdanning
- erfaring frå arbeid med barn
- gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- grunnleggande datakunnskapar
For arbeid i barnehage er det krav om bestått norskprøve i tråd med føringar i barnehagelova § 27.
Godkjent politiattest av nyare dato må leggast fram før tilsetting.
Vi ber om at vitnemål og attestar vert lasta opp i Webcruiter saman med søknaden.
Personlege eigenskapar
- har høg relasjonskompetanse
- er god på samarbeid både med barn, føresette og andre tilsette
- er ein god rollemmodell, og ein trygg og tydeleg vaksenperson
- deltek aktivt ilag med barna både ute og inne
- er fagleg engasjert, løysingsorientert,, strukturert og fleksibel
Vi tilbyr
- ein spennande, variert og meiningsfylt arbeidskvardag der barna si utvikling står i sentrum
- eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- heilskapleg tenking i og rundt pedagogiske opplegg
- samarbeid og lærande fellesskap
- pensjons- og forskringsordning i KLP
- IA-bedrift
Herøy kommune er i kommunegruppe 5. Dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Vi tilset etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan bli offentleggjort.
Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju
Kontaktinformasjon
Elisabeth Warpe, Avdelingsleiar barnehage, +47 97942299
Arbeidsstad
Rådhusgata 7
6090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Referansenr.: 4989680666
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 04.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 11.07.2025
Kontaktperson for stillingen
Elisabeth Warpe
Avdelingsleiar barnehage
+47 97942299
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e44755f7-35fb-4340-8f6d-898a86968d33
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7582257573e64a5f87de10691facf65a