Hopp til innhold

Ferievikarar Helse- og omsorgstenestene 2026

Arbeidsgiver

Surnadal kommune Heimetenesta

Sted

Bårdshaugvegen 35, 6650 Surnadal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
15
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Har du lyst på ein spanande om meiningsfull feriejobb, der du får vere med i utviklinga av gode tenester og gje hjelp av god kvalitet til innbyggarane våre?Søk på feriearbeid i Helse- og omsorgstenestene i Surnadal kommune!Vi skal tilsette ferievikarar i:
  • Bu- og aktivitetstenesta
  • Heimetenesta
  • Surnadal legeteneste
  • Surnadal sjukeheim (alle avdelingar, samt vaskeri og kjøkken)

Vi bed om at du i søknaden prioriterer mellom einingane og at du skriv kor du kan tenkje deg å arbeide.
Aktuell periode er frå mai/juni og ut august månad. Vi vil gjerne at du skriv i søknaden kor mykje og kor lenge du kan arbeide (samanhengande) i dette tidsrommet.

Aktuell kompetanse/kvalifikasjonar:

Sjukepleiar, sjukepleiestudent, vernepleiar, vernepleiarstudent, hjelpepleiar, helsefagarbeidar. omsorgsarbeidar, assisistent. 
Anne helse- og sosialfagleg utdanning eller studiar kan også vere aktuelt.
Legestudentar er velkomne som søkarar.

For arbeid i Heimetenesta og Bu- og aktivitetstenesta er det ein fordel å ha førarkort kl.B
Det er krav til å legge fram tilfredsstillande politiattest. Den skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Vi ser etter deg som er engasjert i arbeidet og har evne til samarbeid med andre, samtidig som du er stand til å arbeide sjølvstendig.
Med tanke på nødvendig dokumentasjon av arbeidsprosessar og dialog med tenestemottakarar, er det viktig å vere stødig i norsk både muntleg og skriftleg.
Hos oss får du:

- opplæring og rettleiing

- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn

- studentavlønning for høgskulegrupper med studie som er relevant for arbeidsoppgåvene

Ta gjerne kontakt med einingsleiarane (kontaktpersonane) ved dei ulike einingane for ein prat om ferievikarstilling:

Surnadal sjukeheim:Jenny Nordheim tlf 48209641
Bu- og aktivitetstenesta: Rakel Polden tlf 48054672
Heimetenesta: Rikke Schwabe Øie tlf 99315202
Heimetenesta: Ann-Elin Stenberg, tlf 95751762

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Heimetenesta organiserer heimesjukepleie, heimehjelp, rehabililtering og dagsenter for eldre. I tillegg samarbeider vi med Inn på Tunet-tilbydarar og saksbehandlar søknader om omsorgsstønad og brukarstyrt personleg assistent. Vi er til saman 50 tilsette og held til i sentrum av Surnadal. I Surnadal har Heimetenesta aukande oppdragsmengd med auka krav til kompetanse i åra framover. Målet er at alle innbyggjarane får bu heime så lengje dei ønskjer det. Vi gir tilbod om rehabilitering i heimen der vi har sjukepleiar med rehabiliteringskompetanse, fysioterapeut og ergoterapeut som del av det tverrfaglege arbeidet. I oppfølginga av pasientar med behov for sjukepleie har vi kompetanse i mellom anna geriatri, demens, psykiatri, rus, legemiddel, kreft og diabetes. Vi har også eigen fagutviklingssjukepleiar. Aktiv bruk av velferdsteknologi er eit satsingsområde og vi ønskjer å vere pådrivar i utviklinga av gode løysingar. Heimetenesta arbeider etter metoden "Helheltlig pasientforløp i eget hjem" -HPH, som er utvikla i samarbeid med NTNU og St.Olavs hospital. KS og Helsedirektoratet arbeider no med å etablere HPH i alle kommunar. I november 2024 tek vi i bruk Helseplattformen som fagsystem.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e4345e09-59e7-4260-afa5-a4fd3c110a32

Sist endret

1. april 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3584855_188829_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser