Helgestillingar
Hjelmeland kommune Årdal omsorgsenter
Melevegen 136, 4137 Årdal i Ryfylke, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Årdal omsorgssenter har ledige faste helgestillingar. Søknader bler behandla fortløpande. Stillingane er todelt turnus med kvar 3.helg.
Me har disse helgestillingane ledige:
- 21% fast stilling
- 20,85 % fast stilling
- 17,44% fast stilling
- 15,86% fast stilling
- 14 % fast stilling
- 13,86% fast stilling
Er du sjukepleiar, helsefagarbeidar, student eller har du lyst å prøve eit nytt yrke? Då vil me gjerna høyra frå deg. Som tilsett i helgestilling får du eit meiningsfullt arbeid samtidig som du opparbeidar deg verdifull arbeidspraksis. Du vil få god opplæring av erfarne og dyktige kollegaer.
Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret har to avdelingar, ei somatisk avdeling med 13 langtidsplassar og ei demens avdeling med 8 langtidsplassar. Årdal omsorgssenter satsar bredt på velferdsteknologi og kan tilby spennande arbeidsoppgåver knyta opp mot ei variert pasientgruppe.
Me søkjer etter ein person som
- har lyst å jobba med mennesker
- er fleksibel og løysningsorientert
- er lærevillig
- er god på samarbeid
- møter andre på ein respektfull og open måte
- er sjølvstendig og tar initiativ i sitt arbeid
Arbeidsoppgåver
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- observasjonar og dokumentasjon
- ivareta brukarane sine individuelle behov
Kvalifikasjonar:
- autorisasjon som helsefagarbeidar evt. anna helsefagleg bakgrunn er ein fordel, men andre kan også søkje
- sjukepleiarstudentar vil bli prioritert
- bestått norsk språkopplæring på nivå B1
- personlege eigenskapar vil bli vektlagde
Me tilbyr:
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e4293b8a-f016-4c41-b015-80e7ff872016
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3518211_204977_nn