Brannkonstabel - 100% fast
Alver kommune
Stølen 7, 5911 Alversund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brannkonstabel - 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. august
Om stillinga og NHBR
Nordhordland brann og redning søkjer ein motivert medarbeidar med interesse for faget, som ønskjer utfordringar og vil vere med å bidra til å bygge eit framtidsretta brannvesen. NHBR er ein organisasjon i utvikling, som gjev gode høve for fagleg og personleg utvikling i ein meiningsfylt arbeidskvardag.
Stillinga er 100% fast stilling som brannkonstabel på dagtid, og du vil vera ein del av dagkassernert mannskap på Knarvik stasjon. Arbeidstida er frå 08:00 - 15:30 måndag til fredag.
Du må å bu i nærleiken til ein av brannstasjonane i regionen til NHBR - og du vil gå inn som vikar/fast stilling i deltidsstyrken i NHBR.
Nordhordland brann og redning (NHBR) vart etablert i 2019, ved samanslåing av tre brannvesen. NHBR dekkjer kommunane Alver, Austrheim og Modalen, med Alver kommune som vertskommune. Ansvarsområdet dekkjer 1.149 km2, og har 33.000 innbyggjarar. NHBR har Equinor Mongstad i sitt område, som er ein av dei største olje- og produkthavnane i Europa.
Vi har 5 brannstasjonar (Knarvik, Manger, Mastrevik, Lindås, Modalen) og to depot (Kaland og Øvre Helland). Knarvik stasjon har dagkasernering, medan dei andre stasjonane har deltidsberedskap med og utan vaktordning.
Den som vert tilsett skal etter ein opplæringsperiode kunne betjene brannvesenets materiell og delta i brannvesenets vakt- og utrykkingsteneste som brannkonstabel- /røykdykkar/sjåfør ved ein av stasjonane.
Arbeidsoppgåver
- Operative oppgåver/utrykkingar
- Følgje opplæring og kurs etter avtale
- Sikre at køyretøy og materiell/utstyr til ei kvar tid er i utrykkingsklar stand
- HMS og internkontroll arbeid
- Arbeidsoppgåver knytt til deltidstyrken
- Instruktør ved brann- og redningsrelaterte emne, internt og eksternt
- Administrative oppgåver
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Arbeid utover normal arbeidstid må på reknast, med tanke på kurs, øvingar, opplæring med meir.
Kvalifikasjonskrav
- Yrkesutdanning for brannkonstabel heiltid jmf Iht «Brann- og redningsvesenforskriften § 37». Om du ikkje har godkjend utdanninga (td utdanning som brannkonstabel deltid) kan du likevel verte vurdert for stillinga. Kandidat må da pårekna å ta nødvendige kurs for å få godkjent kompetanse
- Godkjent fysisk test i samsvar med Arbeidstilsynetes krav
- Godkjent helseattest i henhold til "Forskrift om utførelse av arbeid §3-27"
- Søkjaren må være fysisk og psykisk skikka til stillinga
- Godkjend politiattest
- Førarkort klasse B
- Førarkort klasse C. Om du ikkje har Klasse C, kan du likevel verte vurdert for stillinga
- Personer med relevant tekninsk/praktisk erfaring vil bli vektlagt
- IKT ferdigheiter (til dømes Word, Exel, kommunale system)
Ønskjeleg kompetanse
- Førarkort klasse BE og kode 160 (kompetansebevis for utrykkingskøyring)
- Båtførarbevis og båtførarerfaring
- Ønskje om mekanisk kompetanse
- Anna relevant kompetanse/kurs/utdanning
Personlege eigenskapar
- Bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet - er ein lagspelar
- Jobbe godt både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Vise initiativ og kunne handtere fleire oppgåver samtidig
- Være praktisk anlagt og løysingsorientert
- Ha god systemforståing og vere strukturert
- Vere profesjonell og lojal
- Ha stort fokus på HMS
Personlege eigenskapar er avgjerande for stillinga og vil derfor bli vesentleg vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande, meinigsfulle, varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling
- Triveleg arbeidsmiljø med dyktige og kompetente kollegaer
- Gode pensjon- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Lønn og tilsetjingvilkår etter lov- og avtaleverk
- Trygg og god arbeidsplass
Kontaktperson for stillingen
Gunn-Torhild Ramslien
Avdelingsleiar - Brann og redning
+4745440323
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gjev oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gje deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e423ba9b-0a5c-4e00-8ee4-5940ee0c48d4
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10256189