Helsesekretær med hjarte for pasientane - er det deg?
Merkantil Hjerte- lungeavdeling Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær
Oppstart
28. april 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. februar
Vil du ha ein jobb der du verkeleg gjer ein forskjell?
Likar du å møte folk, halde orden og ha ein jobb der dagane går fort? På Hjerte- og lungepoliklinikken på Haugesund sjukehus treng vi ein helsesekretær som passar på at alt går som det skal for pasientar, pårørande og behandlarar.
Vi ser etter deg som er pliktoppfyllande, omtenksam og til å stole på – og som ikkje er redd for å ta i eit tak når det trengst. Her får du ein viktig jobb med god opplæring, trivelege kollegaer og høve til å lære meir.
Blir du med på laget? Søk no! 💙
Arbeidsoppgåver
- Innkalling og timeoppsett til polikliniske konsultasjonar og innleggingar
- Assistere og vere ein støttefunksjon for behandlarar og postar.
- Mottak og oppfølging av pasientar, pårørande og behandlarar – både i skranke og på telefon
- Administrativt arbeid som registrering, dokumentasjon, rapportering og kvalitetssikring av pasientdata.
- Støttefunksjon for behandlarar og postar
- Arbeid på ulike stasjonar med rullering etter oppsett plan
- Spesialoppgåver etter behov, som til dømes postsekretær
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsesekretær er føretrekt, men søkjarar med relevant sjukehuserfaring vert òg vurderte
- Det er ein fordel med erfaring med DIPS Arena elektronisk pasientjournal
- Erfaring med planlegging og booking av pasienttimar
- Meistrar norsk skriftleg og munnleg
- Det er eit krav med gode datakunnskapar, løysingsorientert tilnærming og evne til å jobba systematisk med fokus på presisjon og kvalitetssikring
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som er nøye, påliteleg og van med å ta ansvar. Du likar å ha oversikt og jobbar sjølvstendig, men trivst også med å vere ein del av eit team der alle bidreg.
Du har eit godt lag med folk og møter både pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og forståing. Du veit kor viktig det er å vere både profesjonell og omsorgsfull, og du samarbeider godt med andre for å finne løysingar som fungerer.
I ein travel kvardag ser du kva som må gjerast, og du nøler ikkje med å ta initiativ. Du hjelper gjerne andre – og tek like gjerne imot hjelp sjølv når det trengst.
Vi treng deg som held hovudet kaldt når det blir hektisk, og som klarer å halde roen, sjølv når ting ikkje går etter planen. Du trivst med høgt tempo, tilpassar deg lett og finn gode løysingar når utfordringar dukkar opp.
Om du likar å jobbe tett med ulike yrkesgrupper, har interesse for faget og ønskjer ein variert arbeidskvardag der ingen dagar er like, kan dette vere jobben for deg!
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- bli trygg i jobben - Vi gir deg god opplæring og oppfølging
- bli ein del av eit godt arbeidsmiljø - Hos oss jobbar du saman med hyggelege og hjelpsame kollegaer
- ein meiningsfull jobb - Arbeidet ditt gjer kvardagen lettare både for pasientane og helsepersonellet du jobbar med
- halda deg fagleg oppdatert - Vi tilbyr fagdagar og utviklingsmoglegheiter, slik at du kan lære og halde deg oppdatert
- ingen like dagar - Her får du ein variert jobb med nye utfordringar kvar dag
Dersom ønske om førerett må dette oppførast i søknaden.
Kontaktinformasjon
Trude Fjeld, Funksjonsleder Hjerte- og lungepoliklinikken, 41863982, trude.fjeld@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4914713310
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 28.04.2025
Søknadsfrist: 23.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2850135
- Hentet fra
talentech
- Referanse
12467687334844c3a23b0ba5034a015d