Hopp til innhold

Sommarjobb innen reinhald på Setermoen

Arbeidsgiver

Forsvarsbygg

Sted

9360 Bardu

Om jobben

Stillingstittel
Sommarjobb innan renhald på Setermoen
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
12
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 14. april

I samband med årets ferieavvikling er vi på jakt etter engasjerte, flinke og pliktoppfyllande sommarvikarar.
Vi søker totalt 12 sommarvikarar som skal jobbe med dagleg og periodisk reinhald av bygga våre i perioden veke 26-33.

Vi ber deg oppgi i søknaden kva for periode du kan jobbe. 

Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2026 – 30.08.2026. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Normalt jobbar ein sommarvikar 4 veker (+/-) i den oppgitte perioden (veke  26-33). Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Det vil bli gitt grundig opplæring av sommarvikarane før oppstart.


Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg/regelmessig reinhald av bygg
  • Utvask av bustad og kvarter 
  • Utføre reinhaldsarbeid etter oppsette arbeidsplanar

Kven ser vi etter?

Vi ser etter deg som er løysingsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig. 
Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og like varierte utfordringar. 
Vidare er  du omgjengeleg og nøyaktig, og har gode samarbeidsevner. Du må også kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø. 

Kvalifikasjonar

  • Du må vere over 16 år eller fylle 16 år i løpet av 2026
  • Du må ha allmenn god helse og fysikk
  • Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Du må kunne autoriserast før oppstart 
  • Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald

Vi tilbyr

Lønn som unge arbeidstakarar eller reinhaldsbetjent (kode 1138/1129), frå kr. 293 500,- - kr. 417 600,- i brutto årleg lønn.

Kontaktinformasjon

Hilde Marie Berg Paulsen, Reinhaldsleiar, 993 31 593
Inga K Nilssen Rokstad, Reinhaldsleiar, 928 47 876

Arbeidsstad


9360 Bardu

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Forsvarsbygg eiendomsforvaltning Renhold

Referansenr.: 5082834889
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 14.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Inga K Nilssen Rokstad

Reinhaldsleiar

928 47 876

Hilde Marie Berg Paulsen

Reinhaldsleiar

993 31 593

Om bedriften

Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.

Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.

Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e415b859-b0fb-4272-958d-ec13cbeaf319

Sist endret

18. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1d2a930252854d6a99e92f625a8cb863

Lignende annonser

Laster lignende annonser