Er du sjukepleiar og vil ha ein godt betalt sommarjobb? Då skal du søkje jobb hos oss i Åseral
Åseral kommune
Bordalsbakken 10, 4540 Åseral, Ljoslandsvegen 9, 4540 Åseral, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Er du sjukepleiar og vil ha ein godt betalt sommarjobb? Då skal du søke jobb hos oss i Åseral
Oppstart
16. juni 2025
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Vi tilbyr minsteløn på kr 596 400,- uavhengig av ansiennitet. Det er ønskeleg at du kan arbeide full stilling i tredelt turnus i heile ferieperioden
(veke 25 - 32).
Eining for omsorg har ansvar for helse- og omsorgstenester til dei som bur eller oppheld seg i kommunen og består av Åseralsheimen og heimetenesta.
Åseralsheimen er eit nytt og flott omsorgsbygg. Her har vi 5 sjukeheimsplassar, 2 plassar på korttidsavdeling (korttidsopphald/avlastning/kommunal augeblikkeleg hjelp), 13 omsorgsbustadar kor 5 av desse er på skjerma avdeling for demente.
Heimetenesta yt tenester til heimebuande som heimesjukepleie, praktisk bistand, helseteknologi og middagsombringing frå eige kjøkken på Åseralsheimen.
Det er tett samarbeid mellom Åseralsheimen og heimetenesta, og som sjukepleiar vil du få oppgåver på begge stader.
Det er i tillegg behov for sjukepleiar på legekontoret (dagtid) i juli.
Me er opptatt av at kvar enkelt pasient skal få gode tenester, og tenester som er tilpassa kvar enkelt.
Ønskjer du å arbeide i eit godt arbeids - og fagmiljø, med mange spanande arbeidsoppgåver og god betaling så håpar me du søkjer sommarjobb hos oss.
Arbeidsoppgåver
Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna- Utføre helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Sjukepleiarfagleg ansvar på skift
- Fagleg ansvar, blant anna iverksetjing, oppfølging og evaluering av tiltak
- Kjenne til og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar
- Sørgje for presis, oppdatert og utfyllande dokumentasjon i journalsystemet vårt - Profil
- Legemiddelhandtering
- Oppfølging av legevisitt
- Følgje eininga og avdelinga sine målsetjingar og yte tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak
- Samarbeide og dele kompetanse på tvers av avdelingane
Kvalifikasjoner
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Søkjar må ha førerkort klasse B.
Gyldig politiattest må kunne leggast fram (ikkje eldre enn 3 månadar)
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner – flink til å skape gode relasjonar og liker å jobbe i team
- Punktleg og strukturert
- God kjennskap til bruk av IKT
- Fleksibel og positiv
- Evner til nytenkning og sjå nye løysingar
- Glad i utfordringar
- Evne til å opptre sjølvstendig, tek ansvar og initiativ
- Interessert i å arbeide med eldre menneske
Vi tilbyr
- Lønn etter lov og avtaleverk, og lokal særavtale med garantert minsteløn tilsvarande 16 års ansiennitet
- Gode permisjons- og pensjonsvilkår
- Varierte og meiningsfylte oppgåver i samarbeid med hyggjelege og kompetente medarbeidarar
- Godt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Rettleiing og naudsynt opplæring
- Vi kan hjelpe til å finne bustad
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Kontaktinformasjon
Camilla Verdal, Einingsleiar omsorg, 90952859, camilla.verdal@aseral.kommune.noArbeidssted
Bordalsbakken 104540 Åseral
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Åseral kommuneReferansenr.: 4908338398
Stillingsprosent: 100%
Sommerjobb
Startdato: 16.06.2025
Sluttdato: 10.08.2025
Søknadsfrist: 28.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2845594
- Hentet fra
talentech
- Referanse
190fb02e74da4462ae7a5959ab3e39c1