Helsefagarbeidar med hjarte for bebuarane
Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar 80-100%
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 26. august
Vil du vere med og skape ein trygg og god kvardag for våre bebuarar?
Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter søkjer engasjerte helsefagarbeidarar som vil bidra til å vidareutvikle våre tenester og sikre høg kvalitet i omsorga. Hos oss får du jobbe i eit inkluderande og tverrfagleg miljø, der bebuarane står i sentrum. Jo fleire me er - jo betre kvalitet på tenesta og gode arbeidsdagar for tilsette!
Me ønskjer fleire med på laga på begge hus og på alle avdelingar samt natt. Du skriv i søknaden din kvar du kunne tenkt deg å arbeide (hus og avdeling). Du kan og sende ein open søknad!
Kva får du jobba med hos oss?- Bidra aktivt til å skape eit trygt og godt bumiljø for bebuarane.
- Utføre helsefaglege oppgåver som kartlegging (t.d. NEWS), oppfølging, pleieplanar, tiltak og medikamenthandtering.
- Ha kontakt med pårørande og samarbeid med lege.
- Delta i og bidra til palliasjonsomsorg.
- Rettleie kollegaer og studentar, og delta i tverrfagleg samarbeid.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling og kvalitetsforbetring av tenestene.
- Arbeidstidsordningar slik du ønskjer: dag/kveld, reine langvakter eller ein kombinasjon langvakter/dag/kveld. Natt kan og kombinerast med dag/kveld. Helg kvar tredje eller kvar fjerde.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
- 10 000,- over garantilønn ved arbeid dag/kveld
- 40 000,- over garantilønn ved arbeid på natt
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Du brenn for å yte gode tenester i eldreomsorga og for bebuarane.
- Du har interesse for faget og held deg oppdatert – og likar å finne nye måtar å arbeide på.
- Du har eit sterkt ønskje om å arbeide med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov.
- Du er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet og trivst med hektiske arbeidsdagar.
- Du arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Du er framoverlent og leitar etter gode tiltak for å gi best mogleg tenester – bebuaren kjem først!
- Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingar – som sjukepleiar gjer du sjukepleiaroppgåver!
- Du verdset eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Andre opplysningar:- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e403c772-8eda-4088-a478-99f3b1f08e59
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3531685_229835_nn