Aktivitetsleiarar til matprosjekt for ungdom
Kultur, Klepp kommune
Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp Stasjon, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Aktivitetsleiarar til matprosjekt for ungdom
Oppstart
15. september 2025
Type ansettelse
Engasjement, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. juni
Ved Axis ungdomskultursenter er det ledige stillingar som Aktivitetsleiarar til matprosjekt for ungdom
Stilling: Deltid, prosjekt frå 15.09.2025 til 31.12.2026
Me har fått tilskot til eit matlagingsprosjekt for ungdom knytt til Axis ungdomskultursenter. Prosjektperioden går frå 15.09.2025 til 31.12.2026. Me ønskjer å knytte til oss 2 aktivitetsleiarar. Prosjekt vil gå føre seg annakvar måndag ettermiddag/ kveld, 4 timar kvar gong.
Føremålet med prosjektet er å skapa ein arena for inkludering, deltaking og interkulturell forståing mellom ungdom. Prosjektet skal vera ein sosial arena, men og ein matlagingsverkstad som skal gi kunnskap og medvit omkring mat, mattradisjonar, mat frå andre kulturar, sunt kosthald, berekraft og hushaldningsøkonomi. Prosjektet vil blir gjennomført i samarbeid med Bydelsmødre Klepp og andre aktuelle lokale organisasjonar. Mat som blir laga skal m.a. og kunne bli tilbud i opningstida på Axis.
Ungdomskultursenteret AXIS er eit kultur- og fritidstilbod for ungdom mellom 13 og 18 år i Klepp. Senteret ligg sentralt i Klepp sentrum og blir drive av Klepp kommune, kulturavdelinga. Axis skal både vera ein uformell sosial arena, men og eit mangfaldig, variert kultur- og fritidstilbod, der det blir lagt til rette for at ungdom skal kunne påverka, forme innhald og aktivitet, og få støtte og hjelp med å utvikla idear, interesser og talent, i eit trygt, inkluderande og kreativt ungdomsmiljø.
Arbeidsoppgåver
Leie, organisera og leggje til rette for ungdom som deltar i prosjektet
Leggja til rette for læring, deltaking, inkludering og sosialt fellesskap
Praktiske oppgåver som innkjøp, ordning og rydding
Kommunikasjon med samarbeidspartnarar og ungdom
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss søkjarar som:
Har fagbrev som kokk eller brei erfaring frå kjøkken og/ eller har brei erfaring og ferdigheiter med variert matlaging, gjerne med erfaring frå profesjonelt kjøkken, undervisning knytt til mat, eller tilsvarande/ liknande erfaringsbakgrunn.
Har erfaring med rettleiing/ undervisning i matlaging/ kjøkken
Erfaring frå arbeid med barn eller ungdom
Har gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg, samt engelsk munnleg
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Har glød og engasjement for mat og kosthald og for arbeid med ungdomEngasjert, open og utåtvent, inkluderande og aktiv
Gode evner til samarbeid og kommunikasjon både med barn og vaksne
Ærleg, ansvarsbevisst, sjølvstendig og lojal
Det er krav om gyldig politiattest
Vi tilbyr
Spannende meiningsfylt arbeid
God opplæring, oppfølging og veiledning
Treniningstilskudd og bedriftsidrettslag
Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
Bedriftskunstforening
Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Lønn etter tariff
Gode forsikrings- og pensjonsordninger
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Nærare opplysingar: Dagleg leiar Daniel Thengs: telefon 45 60 50 80 eller kultursjef Ulf Ludvigsen, telefon 99 44 48 29.
Kontaktinformasjon
Ulf Ludvigsen, Kultursjef, +47 99444829Arbeidsstad
Bedriftsvegen 44353 KLEPP STASJON
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4973861021
Stillingsprosent: 0%
Engasjement
Startdato: 15.09.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 05.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Ulf Ludvigsen
Kultursjef
+47 99444829
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2949621
- Hentet fra
talentech
- Referanse
173d619413bc45939fbaa8473630180d