Varhaug skule har ledig eit 60 % vikariat som lærar på 6. trinn frå 12.10.2026 til 31.07.2027
Hå kommune Varhaug skule
Eikevegen 5,, 4360 Varhaug
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 60%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 16. september
Frå hausten 2026 har Varhaug skule 420 elevar, fordelt på 1. - 7. trinn, og me treng ein lærar med relevant utdanning i engelsk og spesialundervisning.
Me er om lag 60 tilsette på skulen i eit triveleg arbeidsmiljø. Vår visjon er "Me løfter kvarandre". I det ligg blant anna at me gjer alt me kan for at skulen skal vera ein god arena for utvikling for kvar enkelt, både små og store. Meir informasjon om skulen.
Me søker deg som er
- Ein tydeleg klasseleiar
- Ein autoritativ vaksen
- Engasjert og deltakande i elevane si faglege og sosiale utvikling
- Flink til å skapa gode relasjonar og tryggleik
- Kan arbeida sjølvstendig, og samtidig ha evne til samarbeid med andre
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning, men studentar i slutten av læringsløpet sitt kan og søkja
- Personlege eigenskapar og erfaring vert vektlagt
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e3cf2118-2e78-4028-a34c-87852dc58556
- Sist endret
2. september 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3658265_194339_no