Leiar i skulen?
Hå kommune Vigrestad storskule
Langgata 91, 4362 Vigrestad
Om jobben
- Stillingstittel
- Avdelingsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 23. september
På Vigrestad storskule er det ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsleiar for ungdomstrinnet, og du startar 1.1.2027. Stillinga består av pedagogisk leiing, utviklingsarbeid, sosialpedagogisk støtte, administrasjon og noko undervisning.
Me er opptekne av å ha eit trygt og godt skulemiljø og gjera undervisning inkluderande. Som tydeleg og omsorgsfull leiar og klasseleiar får du vera med å utvikla Vigrestad storskule vidare.
Vigrestad storskule er ein skule med 5.-10. trinn. Det er to avdelingar ved skulen, ei for mellomtrinn og ei for ungdomstrinn. Avdelingane har kvar sin leiar, som i tillegg til rektor utgjer leiargruppa. Det er omlag 250 elevar og 40 tilsette ved skulen, der 105 av elevane og 20 av dei tilsette er på ungdomstrinnet.
Me kan lova deg ein skule med stort mangfald, mange dyktige og hyggelege kollegaer, god trivsel og eit godt profesjonsfellesskap. Som leiar får du mykje ansvar, stor påverknad på kva skule storskulen skal vera, mange spanande arbeidsoppgåver, personleg vekst, varierte dagar og masse humor.
Arbeidsoppgåver er blant anna:
• dagleg drift med personal og elevar, for eksempel timeplanar, arbeidstider, vikarar og liknande
• personaloppfølging
• organisasjonsutvikling
• undervisning
• koordinering og samhandling med PPT, føresette og eventuelle andre instansar
Kvalifikasjonar
• relevant leiarutdanning, for eksempel rektorskulen, er ønskeleg. Det kan leggjast tilrette for at kandidaten gjennomfører relevant leiarutdanning etter tilsetting
• godkjent undervisningskompetanse for ungdomstrinnet
• gode IKT-kunnskapar
• gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
• trygg og tydeleg som leiar
• relasjonsbyggar som skaper gode forhold for samarbeid
• evne til å jobba under press
• evne til å arbeida sjølvstendig, systematisk og målretta
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c3ca969b-43dc-4d86-8bfd-469dd17e6699
- Sist endret
31. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3657493_194345_no