FLOR SØKJER KREMMAR! (Eller seljar som det heiter)
Flor As
Vangsgata 39, 5700 Voss, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Har du lyst til å selja arbeidsklede til kvinnelege superheltar? Er du klar for å ta butikken vår til neste nivå? Me leitar etter deg som synest sal er gøy, tenkjer litt utanfor boksen, har erfaring frå retail, og som er god på kundeservice.
Stillingstittel
Selger
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager og lørdag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. mars
Send søknad til
Hva vi ser etter
Butikksjefen vår skal ut i foreldrepermisjon, og me leitar derfor etter ein god kandidat som vil tre inn i eit vikariat frå august i år.
Du skal ha ansvar for den daglege drifta av butikken vår med fokus på omsetning, lagerdrift og kundeservice. Du har ei kreativ side og ser kva som trengs for å få fleire kundar, og for å halde arrangement i butikken. I tillegg, ønskjer me at du tek med deg kleda ut på vegen og lagar popup-butikkar rundt om i Norge med jamne mellomrom, samt deltek på messer.
Du må vera strukturert, sjølvgåande, ha kremmarånd og god helse (her er ein del tunge løft😉). Har du i tillegg sertifikat (B), erfaring frå butikk, kjennskap til Tripletex, Zettle, og lyst til å bidra i våre SoMe kanalar, er du akkurat den me ser etter!
Butikken vår ligg i Vangsgata på Voss, og det er sjølvsagt ein fordel om du bur i nærleiken. Håpar du har lyst å bli med oss på reisa for å styrke arbeidskvinna, og skapa eit meir inkluderande arbeidsliv!
Arbeidsoppgaver
-
Daglig drift av Flor sin butikk på Voss med ansvar for omsetning, lagerdrift og kundeservice
-
Ansvar for bemanningsplanlegging og dialog med tilkallingsvikarar
-
Pakke og sende bestillingar frå nettbutikk
-
Planlegge og gjennomføra aktiviteter/arrangement i butikk
-
Ansvar for fakturering
-
Gjennomføra popup butikkar, messer rundt om i Norge
Vi tilbyr
Fordelen med å arbeida i ei lita gründerbedrift, er at du kan påverka eigen arbeidsdag. Du får samarbeida med eit lite superteam på 4 som alle jobbar iherdig mot same mål. Me lovar uformell stemning, godt arbeidsmiljø, en god dose humor og sjølvsagt konkurransedyktige vilkår.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Flor lagar fine og funksjonelle arbeidsklede til kvinner i aktive yrke. Me ønskjer å hylla arbeidskvinna, og sikra at ho kan føla seg vel på jobb, enten ho jobbar på verkstad, i barnehage, i fjøset, syslar i hagen eller står med ein hammar i handa. Me sel ikkje berre arbeidsklede -- me sel og arbeidslyst!
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2888873
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e3a238cf-da3b-4160-8ebd-59826f72230e