Jobbkonsulent i Førde: Gjer ein forskjell i arbeidslivet!
Origod Fram As
Øyrane 2, 6800 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Origod er den største arbeids- og inkluderingsbedrifta i Sunnfjord og saman med NAV tilbyr vi ei rekke arbeidsretta tenester. Vårt mål er å bidra til eit arbeidsliv som har plass til alle. Vi har auka oppdragsmengd og søker etter deg til stillinga som jobbrettleiar i tiltaket Oppfølging.
Stillingstittel
Jobbkonsulent arbeidsmarkedsbedrift
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Har relevant 3-årig høgare utdanning. På grunn av kompetansekrav frå vår oppdragsgjevar er dette eit minimum.
-
Er ein engasjert person med erfaring frå rekruttering, spesielt tilsettingar
-
Er god på å strukturere eigen arbeidskvardag
-
Har erfaring frå inkludering av utsette grupper i ordinært arbeid
-
Opptatt av å bygge gode relasjonar, motivere og skape refleksjon til endring
-
God kjennskap til den lokale og regionale arbeidsmarknaden i Sunnfjord
-
Jobbar målretta og strukturert, som trivest med varierte oppgåver
-
Har god kommunikasjons- og samarbeidsevne
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne og gode digitale ferdigheiter
Arbeidsoppgaver
Tiltaket har som formål at deltakarane skal få bistand til å komme i og / eller halde på ordinært lønt arbeid. For å lukkast som rettleiar hos oss, må du være ein relasjonsbyggar og trivast med oppsøkjande arbeid. Er du interessert i ein jobb med meining, likar hektiske dagar og er strukturert? Då er du akkurat den vi leitar etter!
-
Kartlegging, karriererettleiing og bistand til å sjå moglegheiter på arbeidsmarknadane
-
Aktivt marknadsarbeid og jobbutvikling for å skaffe aktuelle arbeidsplassar for deltakar
-
Individuell rettleiing og oppfølging av både deltakar og arbeidsgjevar
-
Vurdering av og bistand til tilrettelegging av arbeid og arbeidssituasjonen
-
Samarbeid med NAV, arbeidsgjevarar og/eller andre involverte
-
Journalføring og rapportskriving. Samarbeide med kollegaer i team
Vi tilbyr
Vår avdeling består av menneske med variert kompetanse på høgt nivå. Vi er svært opptatt av å ha eit faglag utviklande og godt arbeidsmiljø der alle bidreg med godt humør og fagleg engasjement. Personlege eigenskapar vil difor bli vektlagt. Vi tilbyr:
-
Et godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer. Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåve
-
Stor grad av sjølvstende og utviklingsmoglegheiter
-
Opplæring i metodar og verktøy som skal nyttast i tiltaket.
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Om bedriften
Origod er den største arbeids- og inkluderingsbedrifta i Sunnfjord. Gjennom tett samarbeid med NAV tilbyr vi ei rekke arbeidsretta tenester. Vårt mål er å bidra til eit arbeidsliv som har plass til alle. I dette ynskjer vi eit mangfaldig og inkluderande arbeidsmiljø som stør opp under samfunnsoppdraget vårt. Vi har auka oppdragsmengd og søker etter deg som har kompetanse til stillinga som jobbrettleiar i tiltaket Oppfølging.
Origod er etablert både i Florø og Førde og har over 60 tilsette. i 2025 feirar vi 50 år som arbeidsmarknadsbedrift.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e35786a4-11df-43f9-83f9-d2fdb14c6150
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e35786a4-11df-43f9-83f9-d2fdb14c6150