Er du sekretæren som trivst når dagane ikkje er like?
Dialogsenteret
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sekretær
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. desember
Hos oss på Dialogsenteret ved Haugesund sjukehus får du ein jobb der du verkeleg betyr noko. Du er den som møter pasientar og pårørande – både ansikt til ansikt og på telefonen – finn løysingar når timar må endrast, og sørgjer for at ting flyt mellom poliklinikkane og resten av sjukehuset.
Turnus med dag, kveld, natt – og kvar tredje helg – gir deg eit unikt innblikk i kva som skjer gjennom heile døgnet på sjukehuset. Du får kjenna på pulsen i huset, og blir ein viktig del av samhandlinga som får alt til å gå rundt.
Her blir du del av eit godt lag, med opplæring og støtte frå erfarne kollegaer – og ein arbeidsplass som både utfordrar og tek vare på deg.
👉 Klar for ein variert kvardag der du betyr mykje for både pasientar og kollegaer? Då håpar vi du søkjer!
Arbeidsoppgåver
- Svare på og vidareformidle telefonar
- Ta imot og registrere post
- Sentralbordteneste og skrankearbeid
- Generelle serviceoppgåver og støttefunksjonar
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med erfaring som sekretær, gjerne frå sentralbord
- Du er trygg i bruk av PC og vanlege digitale verktøy, og lærer raskt nye system
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er ansvarleg og ser etter løysingar
- bidreg med godt humør og er omgjengeleg
- er serviceinnstilt og initiativrik
- jobbar både sjølvstendig og i samarbeid med andre
- gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring og støtte frå dyktige kollegaer
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linda Gjelsten, FunksjonsleiarArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5044742067
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Linda Gjelsten
Funksjonsleiar
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e30f1564-c24d-4f70-bbd7-02df89ddbddc
- Sist endret
21. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3c0911e3515c4cdf9039b8c109c41861
Lignende annonser
Sekretær/helsesekretær
Arbeidsgiver
Merkantile tjenester Haugaland DPS Haugesund
Sted
Haugesund
Sekretær
Arbeidsgiver
Avdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Helsesekretær/sekretær
Arbeidsgiver
Medisinsk poliklinikk /Kreft poliklinikken, Haugesund Sjukehus
Sted
Haugesund