Helsesekretærer/sekretærer
Medisinsk poliklinikk /Kreft poliklinikken, Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesekretær/sekretær
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. november
Har du lyst til å bli ein del av eit engasjert og tverrfagleg team?
Vi søkjer etter to helsesekretærer / sekretærer i 100 % stilling.
På Medisinsk poliklinikk arbeider vi innan fagområda hematologi, endokrinologi, infeksjon og kreft. Dei merkantile ved Medisinsk poliklinikk og Kreftpoliklinikken jobbar tett saman i eit felles kontormiljø. Vi har òg ei dagbehandling knytt til poliklinikken, der vi gjer ulike infusjonsbehandlingar. I tillegg utfører vi blodprøvetaking og medisinske undersøkingar ved Medisinsk undersøking.
Hos oss jobbar legar, sjukepleiarar, merkantilt personell og fotterapeutar side om side for å sikre god pasientbehandling. For å oppnå effektiv drift og trygg pasientflyt, treng vi dyktige og strukturert merkantilt personell på laget.
Du vil få grundig opplæring og støtte frå våre erfarne merkantile kollegaer. Her blir du ei viktig rolle i eit arbeidsmiljø prega av godt samarbeid og høgt tempo – til det beste for pasientane våre.
Høyrest dette interessant ut? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Kva går jobben ut på?
- Besvare henvendelser frå pasienter og pårørende, både i telefon og i skranke
- Innkalling/timeoppsett
- Enkle laboratorieundersøkingar og EKG
- Diverse registrerings- og dokumentasjonsarbeid
- Førefallande arbeid
- Anna kontorarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsesekretær eller sekretær
- Erfaring frå sjukehus blir vektlagd
- Erfaring med journalsystemet Dips er ønskeleg
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg
Hos oss er det viktig at du:
- Er engasjert og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Kan jobbe sjølvstendig og i team
- Er serviceinnstilt
- Har gode kommunikasjonsevner og behersker norsk munnleg og skriftleg
- Er systematisk og nøyaktig
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Triveleg arbeidsmiljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Hilde Espeland, Funksjonsleiar, +4791604403, hilde.cathrine.espeland@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5037637621
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b0989016-a208-4ab7-aea0-3691b2b4dbe0
- Sist endret
5. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c0b640574b40451c8e88108e0695a12e
Lignende annonser
Helsesekretær/sjukepleiar
Arbeidsgiver
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Øye avdeling, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Tannhelsesekretær/Klinikkassistent
Arbeidsgiver
Odontia Tannlegene Haugesund
Sted
Haugesund