Hopp til innhold

Saman skapar me gode dagar

Arbeidsgiver

Suldal kommune Suldal bu og aktivitet

Sted

Nedre Dalane 41, 4230 Sand

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar/ barne- og ungdomsarbeida
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. november

Suldal Bu- og Aktivitet  søkjer  helsefagarbeidar/ barne- og ungdomsarbeidar til avlastingsbustad/bustad for born og unge. 

Me har ledig: 

  • 100 % vikariat i døgnturnus frå 01.01.2027 til 31.12.2027 

 

Om stillinga 

Dei tilsette arbeider i faste team. Som team samarbeider de tett gjennom heile vakta og over fleire døgn. Turnusen er organisert med to til tre  døgn på jobb etterfølgt av ei veke fri med  arbeidshelg kvar fjerde helg. Gode relasjonar og samarbeid er derfor viktig både for tenestemottakar og arbeidsmiljøet. 

Det er eige soverom for tilsette i bustaden, og det er lagt til rette for kvile og søvn om natta.  

 

Arbeidsoppgåver 

  • Leggja til rette for aktivitet, meistring og utvikling 

  • Bidra til ein trygg og føreseieleg kvardag  

  • Samarbeida med føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar 

  • Dokumentasjon og oppfølging etter gjeldande rutinar 

 

Kvalifikasjonar 

  • Helsefagarbeidar/barn- og ungdomsarbeidar 

  • Erfaring frå arbeid med born og unge med funksjonsnedsetjingar er ein fordel 

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg 

 

Personlege eigenskapar 

Personlege eigenskapar vert tillagd stor vekt. Me ser difor  etter deg som: 

 

  • Har gode samarbeidsevner og trivst med tett teamarbeid 

  • Byggjer gode relasjonar til tenestemottakar, pårørande og kollegaer 

  • Er omsorgsfull, tolmodig og løysingsorientert 

  • Kommuniserer ope og respektfullt med teammedarbeidar 

  • Er stabil, påliteleg og tek ansvar for felles oppgåver i teamet 

 

Me tilbyr 

  • Ei meiningsfull stilling der du gjer ein forskjell 

  • Arbeid i faste team med to medarbeidarar 

  • Døgnturnus med gode periodar med samanhengande fritid 

  • Eige soverom og tilrettelagde kvileforhold under døgnvaktene 

  • Dyktige og engasjerte kollegaer 

  • Opplæring og fagleg støtte 

  • Løn etter gjeldande tariffavtale 

 

Vil du bli ein del av laget vårt? Me gler oss til å høyra frå deg! 

For nærare opplysningar om stillinga, ta kontakt med Suldal Bu og Aktivitet. 

Anne Egebjerg, einingsleiar 91157290 

Karoline H. Nordmark , avdelingsleiar 45297073 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anne Egebjerg

+47 91157290

anne.egebjerg@suldal.kommune.no

Om bedriften

Suldal bu- og aktivitet yt tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Eininga består av bustadane Øvre- og Nedre Dalane, Kyrkjevegen, Suldal dagsenter (dagtilbod) og avlastinga (for born og ungdom under 18 år).

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e2eb9e8d-9c34-46b6-a5ae-618d12ce83cc

Sist endret

12. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3678137_203559_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser