Hopp til innhold

Brenn du for å gje barna i barnehagen ein innhaldsrik, kreativ og humørfylt kvardag?

Arbeidsgiver

Hjelmeland kommune Hjelmeland barnehage

Sted

Ramsbu 35, 4130 Hjelmeland

Om jobben

Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidar 100 % vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. november

Vil du bli med på laget i hjelmelandsbarnehagen? Me har ledig eit 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i perioden 1. januar 2027 til 31. juli 2027 i Hjelmeland barnehage.

Hjelmeland barnehage er under utbygging og me skal i løpet av januar "fusjonera" frå to til eitt bygg. Utbyggingsdelen vert den nye administrasjonsavdelinga, der det vert gode fasiliteter for tilsette.
Sidan me er i denne omstillingsprosessen, er det foreløpig ikkje avklart avdeling stillinga skal knyttast til. 

I Hjelmeland kommune er det tre kommunale barnehagar fordelt på bygdene Hjelmeland, Årdal og Fister. Alle tilsette i barnehagane våre har fokus på vår felles visjon «Det beste for barnet». Gjennom våre felles verdiar «Respekt, Omsorg og Tryggleik» er det eit viktig mål å gje barn gode og trygge opplevingar, ut i frå deira eigne føresetnadar og eiga utvikling. Me arbeidar heile tida for å vera i fagleg utvikling.

Me søkjer deg som gjennom ditt engasjement og fagleg grunnlag er med på å skape ein meiningsfull, spennande og utviklande kvardag for barna.

Ansvar og arbeidsoppgåver
- delta aktivt i det daglege arbeidet med barna
- vera ein god og tydeleg rollemodell
- leggja til rette for leik, læring og utvikling
- leggja til rette for og bidra til eit godt psykososialt miljø i barnehagen
- ha medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon

Kvalifikasjonar og vilkår
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Personar utan ønskja fagutdanning kan også søkja
- erfaring frå arbeid i barnehage er ynskjeleg
- gode norskspråklege kunnskapar både skriftleg og munnleg, jamfør barnehagelova §28

Me søkjer etter ein person som
- er varm og tydeleg, med evne til å skapa gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
- har eit medmenneskeleg og pedagogisk engasjement, der barna er i fokus
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skapa eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- er fagleg engasjert, og interessert i å tileigna seg ny kunnskap

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- barnehagar som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- kompetanseutvikling for alle tilsette
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage, brann og redning.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside. 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

 
Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Silje Håvarstein

40439190 +47 40439190

postmottak@hjelmeland.kommune.no

Om bedriften

Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis. Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f153f8ad-da8d-4377-8449-8215fc0e34b2

Sist endret

4. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3676017_205391_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser