Vikariat, Barnehageassistent i Kjølsdalen Montessoribarnehage
Kjølsdalen Montessoribarnehage Sa
Daltunvegen 19, 6776 Kjølsdalen
Om jobben
Vi treng ein vikar i stilling som barnehageassistent frå 15.08.26-14.08.27, det kan vere aktuelt med tidlegare oppstart. Barnehagen vår ligg fritt og landleg til i bygda Kjølsdalen i Stad kommune. Barnehagen har 2 avdelinger og driv etter pedagogikken til Maria Montessori.
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Barnehageassistent
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Hva vi ser etter
Eigenskapar vi ser etter
-
Trygg, påliteleg og engasjert.
-
Trives saman med barn og har eit ønske om å skape gode dagar samen med dei.
-
Samarbeider godt i team og viser respekt for mangfaldet i personalgruppa.
-
Er imøtekommande og tek initiativ i dialog med føresette.
-
Har god arbeidskapasitet.
-
Gjerne deg som tenker på utdanning innanfor fagfeltet barnehage, men ønsker å prøve arbeid i barnehage først.
-
Personlege eigenskapar vektleggast ved tilsetting.
-
Godkjent politiattest må leggast fram før oppstart.
Arbeidsoppgaver
-
Delta aktivt i leik, daglege rutiner og aktivitetar saman med barna.
-
Bidra til et trygt, omsorgsfullt og inkluderande miljø
-
Samarbeide godt med pedagogar og øvrig personale
-
Medvirke i praktiske oppgåver og tilrettelegging i barnehagekvardagen
-
Vere ein god rollemodell for barna
Vi tilbyr
Barnehage med god bemanning og pedagogtetthet
Gode lønns- og pensjonsordning etter PBL tariff
Variert arbeidsdag med mykje uteaktivitet.
Kjennskap og erfaringer med Montessoripedagogikken
Om bedriften
Barnehagen er eit privat samvirkeføretak med 41 barn.
Vi held til på vestsida i same bygg som Kjølsdalen Montessoriskule. Vi er oppdelt i to avdelingar, Sør er for barna 0 -- 3 år og Nord for for barna 3 -- 6 år. Sør har inngang på vestsida av bygget ned mot fjorden, medan Nord har inngang frå grusbana.
Vi har ein romsleg leikeplass med sandkasse, leikeapparat og i skogen har vi eit variert naturområde med skog, berg og steinområde.
I gangavstand finst det fleire gardsbruk med dyr som vi besøker. Det er fine turområde like ved med variert terreng, og mykje å utforske og oppleve for barna.
Vi følgjer montessoripedagogikken og har fokus på at vi skal ha respekt for oss sjølv, kvarandre og miljøet
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e2e13193-e45e-44b3-9b13-eeae83bb0294
- Sist endret
13. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
e2e13193-e45e-44b3-9b13-eeae83bb0294