Hopp til innhold

Helsefagarbeider

Arbeidsgiver

Bø sjukeheim Løvlund

Sted

Gamleveg 43, 3802 Bø i Telemark

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider - fast - turnus 100% x2
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest onsdag 30. september

Bø sjukeheim – avdeling Løvlund
Avdeling Løvlund er ei av fire avdelingar ved Bø sjukeheim, og har spesialisert seg på pleie og omsorg for personar med demens. Me tilbyr ein arbeidsplass med faglege utfordringar, der tverrfagleg samarbeid, høg kompetanse, pasienttryggleik og kontinuerleg kvalitetsutvikling står i sentrum.
Hos oss får du høve til å bidra i eit meiningsfylt arbeid, saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Me søkjer deg som ønskjer å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.

Stillinga inneber turnusarbeid dag/kveld, med langvakter kvar fjerde helg og vanlige vakter kvar tredje helg.


Høyrest dette spennande ut? Då ynskjer me deg hjarteleg velkommen som søkjar!


Arbeidsoppgåver

  • Utøve pleie og miljøterapi til avdelingas pasientar.
  • Journalføring og dokumentasjon.
  • Legemiddelhandtering
  • Praktiske oppgåver
  • Må kunne vurdera akutte situasjonar, og dessutan ta raske avgjerder ved behov.
  • Må kunne handtera åtferd som er utfordrande og tiltak etter kap.4A.
  • Utvikle og jobbe i fagadministrative system (Profil, Compilo)

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar
  • Autorisert helsefagarbeider
  • Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B2 nivå)
Ønska kompetanse
  • Erfaring frå arbeid med personar med demenssjukdom, miljørettet arbeid og åtferd som utfordrar er ønskjeleg.
  • God kjennskap til bruk av data som verktøy jmf dokumentasjonsplikta
Særskilde krav

Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • Tolmodig og engasjert i behovet til pasienten.
  • Faglig dyktig og engasjert.
  • Evne til å samarbeide, men også jobbe sjølvstendig.
  • Fleksibel og omstillingsdyktig.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer
  • Fagdager fast i turnus.
  • Mentorordning
  • Moglegheit for vidareutdanning.
  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Leslie Katrien Vicky Van Der Voorde, Avdelingsleiar, +47 48126707

Arbeidsstad

Gamleveg 43
3802 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5171411828
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Leslie Katrien Vicky Van Der Voorde

Avdelingsleiar

+47 48126707

Om bedriften

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e2ad0bf5-5479-403e-aaa3-15d95cd8668b

Sist endret

17. september 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

826c5085c0a4472790d8dc7293dcfd11

Lignende annonser

Laster lignende annonser