Hopp til innhold

Helgestillingar

Arbeidsgiver

Bø sjukeheim Løvlund

Sted

Gamleveg 43, 3802 Bø i Telemark

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider - fast- helg x3
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest onsdag 30. september

Bø sjukeheim – avdeling Løvlund

Avdeling Løvlund har fire avdelingar ved Bø sjukeheim, og har spesialisert seg på omsorg og pleie for personar med demens. Me tilbyr ein arbeidsplass med faglege utfordringar, der tverrfagleg samarbeid, høg kompetanse, pasienttryggleik og kontinuerleg kvalitetsutvikling står i sentrum.

Hos oss får du høve til å bidra i eit meiningsfylt arbeid, saman med engasjerte kollegaer i eit godt og støttande arbeidsmiljø. Me søkjer deg som ønskjer å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.

2 helgestillingar er med med langvakter annakvar helg, og ei stilling med ordinære vakter kvar 3. helg.

Høyrest dette spennande ut? Då ynskjer me deg hjarteleg velkommen som søkjar!

Arbeidsoppgåver

  • Utøve pleie og miljøterapi til avdelingas pasientar.
  • Journalføring og dokumentasjon.
  • Legemiddel handtering
  • Praktiske oppgåver
  • Må kunne vurdera akutte situasjonar, og dessutan ta raske avgjerder ved behov.
  • Må kunne handtera åtferd som er utfordrande og tiltak etter kap.4A.
  • Utvikle og jobbe i fagadministrative system (Profil, Compilo)

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B2 nivå)
  • Ønska kompetanse
    • Autorisert helsefagarbeider eller under utdanning til å bli helsefagarbeider. 
    • Erfaring frå arbeid med personar med demenssjukdom, miljørettet arbeid og åtferd som utfordrar er ønskjeleg.
    • God kjennskap til bruk av data som verktøy jmf dokumentasjonsplikta
    Særskilde krav

    Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

    Personlege eigenskapar

    • Tolmodig og engasjert i behovet til pasienten.
    • Faglig dyktig og engasjert.
    • Evne til å samarbeide, men også jobbe sjølvstendig.
    • Fleksibel og omstillingsdyktig.

    Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

    Vi tilbyr

    • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer.
    • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
    • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
    • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

    Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.

    Kontaktinformasjon

    Leslie Katrien Vicky Van Der Voorde, Avdelingsleiar, +47 48126707

    Arbeidsstad

    Gamleveg 43
    3802 Bø

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

    Referansenr.: 5171415850
    Stillingsprosent: 44, 17,25, 41,26%
    Fast
    Søknadsfrist: 30.09.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Leslie Katrien Vicky Van Der Voorde

    Avdelingsleiar

    +47 48126707

    Om bedriften

    Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

    Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    0e121406-bdeb-40f2-ba45-c44dd3ceeca3

    Sist endret

    17. september 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    0b28b187973f443bb63d11fafeb50fc9

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser