Avdelingsleiar
Kasa ungdomssenter, avd. Hop, Bufetat
Solheimsgaten 11, 5058 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
Ved Kasa ungdomssenter, avd. Hop, er det ledig ein fast 100 % stilling som avdelingsleiar frå 1. oktober 2025.
Vi ønskjer ein avdelingsleiar som vil gjera ein forskjell for ungdomar i ein krevjande situasjon og ser viktigheita av å arbeide systematisk og fagleg.
Kasa ungdomssenter er eit omsorgstiltak i Bergen for barn og unge i alderen 13 - 18 år. Vi tek i mot plasseringar etter Lov om barneverntenester § 3.1./3.2 og § 5.1 jfr. barnevernlova.
Kasa ungdomssenter skal gjennom traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi etablera profesjonelle omsorgsrammar som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har i dag fem avdelingar: på Sandsli, Hop, Tertnes, Morvik og Flatøy, med til saman 17 plassar.
Frå hausten 2025 skil avdelingane lag, og avdeling Hop vil då inngå som ein del av eit nyoppretta senter i Bufetat region vest saman med Eikelund ungdomssenter, Skjoldvegen Skjold og KASA Sandsli. Senteret er ein del av ei nasjonal pilotsatsing og byggjer mellom anna på tilrådingane i NOU 2023:24 Med barnet heile vegen.
Sentermodellen vil bestå av fire ulike institusjonar innanfor eit avgrensa geografisk område som utgjer ei større eining. Målsetjinga er at barna skal få tverrfagleg støtte gjennom heile opphaldet hos oss, større stabilitet i butilbodet, redusera uønska flyttingar og skapa ein tryggare og betre kvardag for ungdomane som bur i senteret. Senteret vil bruka kompetansen til tilsette fleksibelt i forhold til avdelingane på senteret og det samla behovet til ungdomane.
Arbeidsoppgåver
Kva inneber stillinga som avdelingsleiar?- Fagleg ansvar for avdelinga.
- Bidra til å sikre utvikling og gjennomføring av overordna mål og strategier i samarbeid med leiar.
- Ansvar for personalarbeid, med fokus på opplæring, rettleiing, sykefraværsoppfølging, bemanning og turnus.
- Ansvar for inntaksarbeid i henhald til einingas målgruppe og rammar.
- Leie tiltaket sitt omsorgs- og endringsarbeid, knytta til traumebevisst omsorg og målstyrt miljøterapi.
- Ansvar for både strukturell og behovsprøvd rettleiing av personalet.
- Skape gode prosessar samt å leie, motivere og følgje opp eigne medarbeidarar på ein god måte.
- Samarbeid med familie, nettverk, kommune, skule, helse og andre viktige instansar.
- Ansvar for rapportering og internkontroll for eiga avdeling.
- Økonomi- og administrasjonsansvar for avdelinga.
- Samarbeid med tillitsvalgte og verneombod.
- Deltaking på Bufetat leiarskule.
Avdelingsleiar er ein del av leiarteamet på Kasa ungdomssenter/Sentermodellen. Avdelingsleiar rapporterar til einingsleiar.
Kvalifikasjonar
- Minimum tre års utdanning frå høgskule/universitet med bachelorgrad som barnevernpedagog, sosionom eller vernepleiar, eller 180 stp innan sosialfag. Anna relevant bachelorutdanning vil også bli vurdert.
- Relevant erfaring frå gjennomføring av dagleg drift, herunder planlegge, evaluere og beslutte innan eige ansvarsområde.
- Erfaring frå relevant institusjonsarbeid og personleg eignaheit for stillinga.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Gode IKT ferdigheitar, samt gode haldningar til digitalisering og til å ta i bruk ny teknologi.
- Førarkort for bil.
Ønskjeleg med:
- Minimum 15 stp innan leiing og administrasjon.
- Relevant vidareutdanning.
- Relevant leiarerfaring frå institusjonsdrift eller anna erfaring med personaloppfølging.
- Formell rettleiingskompetanse.
Det vert stilt store krav til kommunikasjon og samarbeid i eiga eining, i Bufetat og i høve til eksterne samarbeidspartnarar. Avdelingsleiar må kunne legge til rette for gode arbeidsprosessar, motivasjon og utvikling av eigne medarbeidarar.
Personlege eigenskapar
Du som søkjer...- Har gode samarbeidseigenskapar og evne til fleksibilitet og utvikling.
- Står støtt i endring og utvikling over tid.
- Har evne til å engasjere og motivere medarbeidarane til kunnskapsbasert arbeid.
- Har ei positiv innstilling og evne til å sjå løysingar.
- Har gode evner til å gjere gode vurderingar, samt ha evne til å oppnå gode relasjonar.
- Har evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert, samt ha evne til å samarbeide godt med interne og eksterne partar.
Vi tilbyr
- Stillinga er i eit spanande fagfelt der du er viktig i samfunnsoppdraget for å gje ungdom i institusjon moglegheiter til eiga utvikling i trygge rammar.
- Stilling som avdelingsleiar er plassert i statleg lønsregulativ som kode 1407 avdelingsleiar, p.t. kr 670 000 - 750 000 pr. år.
- Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- For særskild kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søkjer
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Kasa ungdomssenter, avdeling Hop.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Kontaktinformasjon
Kjetil Johnsen, Einingsleiar, 98295962, kjetil.johnsen@bufetat.noArbeidssted
Solheimsgaten 115058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5006233763
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e261b592-e143-47b5-90d8-3c90b057e576
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40dc0f21a9624ee2a3484d975b3927ad