Sjukepleiarar ved Skodje omsorgssenter
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt
Ådalsbakken, 6260 Skodje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ledige sjukepleiarstillingar ved Skodje omsorgssenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Skodje omsorgssenter har ledig sjukepleiestillingar:
- 1 x 100 % - Arbeid i todelt turnus dag/kveld og med arbeid kvar 3.helg.
- 80 % - Arbeid i todelt turnus dag/natt og med arbeid kvar 3. helg (natt).
Skodje omsorgssenter har 27 sjukeheimsplasser fordelt på fire avdelingar. Ei avdeling for personar med demens, tre somatiske avdelingar med langtidsplassar, kortidsplassar og avlastning.
Skodje omsorgssenter har eit allsidig praksisfelt, med eit stort spekter av pasientutfordringer og diagnoser. Det er dermed gode moglegheiter for å få bruke, samt videreutvikle sjukepleiekompetansen din hos oss.
Skodje omsorgssenter er også ei klinisk utdanningsenhet (KLU-enhet). Dette innebærer eit tettare samarbeid mellom institusjonen og NTNU. Formålet med dette samarbeidet er å gi sjukepleiestudentar ein ekstra god læringsarena i praksis. Skodje Omsorgssenter er dermed ein god bidragsyter for utdanning av framtidige sjukepleiarar. Vi har flere sjukepleiarar med videreutdanning i praksisveiledning, og har god erfaring med veiledning i Svip-modellen.
Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor osv.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
- Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
- Legemiddelhandtering.
- Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
- Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.
- Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell.
- Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.
- Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sykepleiar
- Relevant erfaring er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
- Beherske IKT-verktøy
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
- Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen mm)
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
- Ein god kollega som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning
- Løn og arbeidsvilkår etter Ålesund kommune sitt lønnsregulativ
- KLP pensjonsordning - Gode pensjonsordning, bustadlånsordning og ulykkes- og gruppelivsforsikring
- Har godkjent Bedriftshelsetjeneste
Kontaktinformasjon
Marianne Brandal, Avdelingsleiar, 917 86 893, marianne.brandal@alesund.kommune.noLinn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Ådalsbakken6260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4941549069
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e25a5a43-c739-42d4-ba7c-02c88aeb4596
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b27cc11d9c0142aeb37ad03f71d8bcf3