Miljøterapeut i 1:1 tiltak
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
Myroldhaugvegen 43, 6770 Nordfjordeid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut i 1:1 tiltak
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du vere med og utvikle gode helsetenester i nytt bufellesskap i Stad kommune?
Bu- og miljøtenesta i Stad kommune ved avdeling Myroldhaug har ledig ei fast stilling på 100 % som miljøterapeut i 1:1-tiltak med tenestestad Nordfjordeid. Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp etter eit medleverprinsipp med døgnvakter eller langvakter i samla arbeidsperiodar og periodar med natt. Stillinga er ledige frå dags dato.
Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet.
Arbeidsoppgåver
- Vernepleiefaglege og/eller miljøterapeutisk oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling
- Skape ein god heim
- Kartlegge og vurdere behov
- Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå , eller helsefagarbeidarar med erfaring frå 1:1 -tiltak.
- Kandidatar med relevant erfaring og gode personlege eigenskapar, som ønskjer å ta relevant utdanning, kan også søkje.
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
- På denne arbeidsplassen er det i hovudsak behov for mannlege søkjarar
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø i nye lokale
- Høve til fagleg utvikling
- Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Vi tilbyr flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
For kode og løn som miljøterapeut er det krav om 3-årig høgskuleutdanning. Kandidatar med relevant fagbrev vil få kode og løn som fagarbeidar.
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast ved. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med avdelingsleiar Svenn Morten Eikeset.
Kontaktinformasjon
Svenn Morten Eikeset, Avdelingsleiar, 90290106, svenn.morten.eikeset@stad.kommune.noArbeidsstad
Myroldhaugvegen 436770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4886006258
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2024
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794283
- Hentet fra
talentech
- Referanse
780065f889b542c899cf87261752aa34