Kunderådgjevar Digital
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Kunderådgiver
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest onsdag 7. januar
Vil du jobbe med kundar og vere med på å skape gode digitale opplevingar? Då kan dette vere rett jobb for deg.
Vi i SpareBank 1 Sogn og Fjordane har sterke røter som lokal sparebank, men vi er og ein moderne bank med digitale løysingar som gjer kvardagen enklare for kundane våre. No ser vi etter fleire kunderådgjevarar som får ansvar for kundar som møter oss digitalt, utanfor vårt kjerneområde. Det betyr stor variasjon, mykje ansvar og gode moglegheiter for å byggje eigne relasjonar og ei spennande portefølje.
Som kunderådgjevar blir du ein viktig kontaktperson for kundar som nyttar våre digitale kanalar. Du gir gode råd tilpassa behova til kvar enkelt og bygg relasjonar som varer sjølv om møta skjer på skjerm eller telefon.
Dine hovudoppgåver vil vere- Gi rådgjeving og løysingar innan lån, sparing og forsikring
- Bygge, følgje opp og vidareutvikle eiga kundeportefølje
- Skape gode kundeopplevingar gjennom digitale møte og dialog
- Bidra til samarbeid og deling av kunnskap i teamet
Kven er du
Vi ser etter ein person som er naturleg i dialog med kundar og som trivst med å finne den løysinga som faktisk gjer ein forskjell. Du er proaktiv, engasjert og likar å ta initiativ i kundesituasjonar. Du jobbar strukturert, likar digitale arbeidsformer og har lyst til å lære nye ting. Høgare utdanning og autorisasjon som finansiell rådgjevar er ein fordel, men ikkje eit krav. Manglar du autorisasjon, sørgjer vi for at du får det på plass.
Kvifor skal du søkje hos oss
Her får du eit miljø der folk trivst, løftar kvarandre og gir rom til både ambisjonar og kvardagsliv. Det er korte og effektive beslutningsvegar, og du får påverke din eigen arbeidsdag. Vi gir deg utvikling, fleksibel arbeidstid og redusert arbeidstid frå mai til august.
Som fast tilsett blir du medeigar i banken. Alle nytilsette får tildelt eigenkapitalbevis første året, og du får tilgang til gunstig spareordning i EK-bevis. Du får òg funksjonærlån med gode vilkår, samt fordelar på sparing og forsikring. I tillegg kan du nytte bankens velferdsgoder, som hytter og leilegheiter.
Mange blir hos oss lenge. Det skuldast kombinasjonen av spennande arbeidsoppgåver, gode ordningar og eit miljø der folk både utviklar seg og har det kjekt på jobb.
Klar for å ta neste steg
Søk gjerne allereie i dag. Vi vurderer søknader fortløpande og tek gjerne ein prat dersom du har spørsmål om stillinga. Vi ser fram til å høyre frå deg.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e232ca2d-e79b-49a5-897e-b03cea8c52d3
- Sist endret
5. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8d74712daed44e9aa5b7f102ae987937
Lignende annonser
Arbeidsgiver
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Sted
Førde
Systemutvikler
Arbeidsgiver
Havtech As
Sted
Askvoll, Sunnfjord
Forsikringsagent
Arbeidsgiver
IF Forsikring
Sted
Sandane, Norge, Norge, Stad, Sunnfjord