Banksjef privatmarknad
SpareBank 1 Sogn og Fjordane
6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Banksjef privatmarknad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 7. januar
Vi søker banksjef for privatmarknad i Sunnfjord.
Som banksjef får du ei sentral leiarrolle med stor påverknadskraft. Du blir ein del av eit fagmiljø som vil mykje, og du får høve til å forme retning, kultur og resultat i ein viktig marknad for banken. Du blir også ein sentral del av leiargruppa for privatmarknad.
Dette er ei stilling for deg som har solid erfaring med endringsprosessar og er god med folk. Du trivst med personalansvar og får energi av å skape resultat gjennom god oppfølging, tydeleg retning og smart prioritering. Du har høgare utdanning på minimum bachelornivå, og du er stødig i økonomi og marknad og forstår korleis tal gir retning og skapar resultat.
Du bryr deg om lokalsamfunnet, og i denne rolla jobbar du saman med sponsorata våre og samarbeida våre for å sikre framdrift i regionen vår.
På hovudkontoret i Førde møter du eit sterkt fagmiljø i endring. Og som er tett på både kundar, kollegaer samt retninga banken tek framover. Her får du vere med å utvikle marknaden, styrke rådgjevarlaget og løfte kundeopplevingane dei neste åra. Det er korte vegar til avgjersler, og du jobbar tett med direktør for privatmarknad i saker som gjeld strategi og vidare utvikling. Her er det rom for å prøve nytt, få gjennomslag og skape tydeleg verdi for kundar og kollegaer.
Sentrale arbeidsoppgåverI denne rolla får du ansvar for drift, utvikling og retning for privatmarknaden i Sunnfjord. Du blir ein operativ leiar som både følgjer opp salsarbeidet og utviklar folk, prosessar og kvalitet.
- Ansvar for drift og strategisk utvikling av privatmarknaden
- Lede, følgje opp og utvikle medarbeidarane dine
- Sikre kvalitet og god internkontroll
- Vere ein aktiv bidragsytar i leiargruppa for privatmarknad
Som fast tilsett blir du automatisk medeigar i banken. Alle nytilsette får tildelt eignekapitalbevis første året etter oppstart, og vi har eit gunstig spareprogram i EK bevis. Du får funksjonærlån med god rente og gode vilkår på sparing og forsikring. I tillegg kjem velferdsgoder som leilegheiter og bedriftshytter.
Dersom du har spørsmål eller ønskjer å vite meir om rolla, kan du gjerne ta kontakt med Linda Vøllestad Westbye eller Regine Gausemel.
Vi kontakter aktuelle kandidatar fortløpande, så ikkje vent for lenge med å sende inn søknaden. Vi tek likevel ikkje den endelege vurderinga før fristen er ute, slik at alle blir vurderte på same grunnlag.
Vi gjennomfører bakgrunnsundersøkingar av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og anna dokumentasjon. Den som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest, og søkarar som går vidare i prosessen vil få nærare informasjon om dette i forkant. Bakgrunnsundersøkinga blir utført av Semac AS.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0cefc621-ed01-4202-8347-0bef66f4aeb7
- Sist endret
4. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
273f6a000bad4ed78347562937be6199
Lignende annonser
Formann (tømrer)
Arbeidsgiver
HS
Sted
Stryn, Møre og Romsdal, Vestland, Hareid, Sunnfjord, Ålesund
Assisterande styrar og pedagogisk leiar i Yksnebjør barnehage
Arbeidsgiver
Fjaler kommune Yksnebjør barnehage
Sted
Dale i Sunnfjord
Avdelingsleder
Arbeidsgiver
Safe24 Da
Sted
Bergen, Bergen, Vestland