Hopp til innhold

Juridisk utgreiar

Arbeidsgiver

Gulating lagmannsrett

Sted

Gulatings plass 1, 5012 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Juridisk utgreiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Om oss

Gulating lagmannsrett er den nest største ankedomstolen i landet. Lagmannsretten blir leia av ein førstelagmann, og er organisert i to avdelingar, ei utgreiareining og administrasjon med sekretariat og fellestenester. 

Domstolen held til i eit moderne bygg i Bergen sentrum.

Utgreiareininga skal vere ei fagleg sterk, effektiv og dynamisk eining med stor vekt på godt arbeidsmiljø. Eininga har åtte utgreiarar og blir leia av ein lagmann og ein nestleiar.


Om stillinga

Gulating lagmannsrett har ledig ei fast stilling som juridisk utgreiar. Tiltreding etter avtale.

Utgreiarane arbeider hovudsakleg for lagmannsretten sitt ankeutval, og den viktigaste oppgåva er å skrive fullstendige utkast til rettslege avgjerder for dommarane i ankeutvalet. Utgreiarane førebur og utgreiar saker frå alle rettsområde, både prosessuelle og materielle spørsmål. Arbeidet er variert og spanande, og gjev god innsikt i prosessretten og ei rekkje andre juridiske fagfelt. 


Kvalifikasjonskrav

Stillinga som utgreiar krev særs gode juridiske kvalifikasjonar, og embetseksamen/ mastergrad i rettsvitskap med gode resultat. 

Arbeidet er utprega sjølvstendig og krev ei strukturert arbeidsform. Det blir stilt høge krav til å balansere kvalitet og effektivitet, og til å levere utkast til avgjerder av høg kvalitet raskt og innan fastsette fristar. Søkjarar må ha god skriftleg framstillingsevne og kunne begge målformer. Gode samarbeidsevner er særs viktig. Det vil bli lagt vekt på dommarfullmektigpraksis, erfaring frå liknande utgreiingsarbeid eller tilsvarande.


Vi tilbyr

  • God opplæring og gode interne system for oppfølging, systematisk kunnskapsdeling og bygging av erfaring og kompetanse. 
  • Høve til fagleg fordjuping med stort fokus på kvalitet. 
  • Sjølvstendig arbeid i tett samarbeid med dyktige kollegaer, god kunnskap om arbeidet i ein lagmannsrett og innsikt i domstolssystemet elles. 
  • Fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og trening i arbeidstida.
  • Godt arbeidsmiljø og moderne lokalar.

Stillinga blir løna som rådgjevar (kode 1434) eller seniorrådgjevar (kode 1364) med årsløn frå kr. 630 000,- til kr. 775 000,-. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Praksis som utgreiar er godkjent som praksis ved søknad om advokatløyve.

Det er eit personalpolitisk mål at arbeidsstaben skal spegle folkesamansetnaden generelt, òg når det gjeld kjønn og kulturelt mangfald. 

Opplysningar om søkjaren kan bli offentlege sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. offentleglova § 25 andre ledd.


Om bedriften

Guri Elisabeth Molven, lagmann

Telefon: 55 69 39 37 

E-post:guri.elisabeth.molven@domstol.no

Kamilla Hessevik Paulsen, fungerande nestleiar

Telefon: 55 69 39 64 

Epost:kamilla.hessevik.paulsen@domstol.no

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e21c3591-d7db-4d13-8d84-c40502c5f77b

Sist endret

16. desember 2025

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10272440

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Nav Bergen vest, Bergen kommune

Sted

Loddefjord