Bømlo symjehall søkjer kvinneleg badevert
Bømlo kommune
Idrettsvegen 89, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Badevert
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst til å jobba i Sunnhordlands mest moderne symjehall? Me ser etter deg som er trygg i vatn, servicevennleg og trivst med allsidige oppgåver.
Hos oss får du delta i eit team som har fokus på å skapa ei trygg og hyggeleg oppleving for våre besøkande i Bømlo symjehall.
Me tilbyr ein spanande deltidsjobb med varierte oppgåver. Då arbeidsområdet vårt også inkludera garderobane ynskjer me ein jamn fordeling mellom menn og kvinner i teamet. Sidan det er overvekt av mannlege badevertar i dag søkjer me i denne omgang etter ny kvinneleg kollega.
Stillinga inneber jobb 3. kvar helg og det er ynskjeleg med snarleg tiltreding.
Bømlo symjehall stod klar i 2018 og er Sunnhordlands mest moderne og flottaste symjehall. Her er 25 m basseng med hoppe/stupetårn, samt opplæringsbasseng. Det er stor aktivitet i Bømlo symjehall med skulebading på dagtid og offentleg bading på ettermiddagstid, i helgar og i feriar.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva vår er å sørgja for tryggleik for dei badande, men også å leggja til rette for at besøkjande får eit triveleg opphald i ein rein og fin symjehall.
Oppgåvene inneber:
- Sørge for tryggleik for dei badande.
- Service og kundebehandling.
- Reinhald og enklare vedlikehald.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av din kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Du må vera fylt 18 år.
- Du må føle deg trygg i vatn og gjennomføre kompetanseprøve i samband med livredning i vatn, der du mellom anna må dykke ned til 4 m.
- Ingen krav til formell kompetanse.
- interesse for eller erfaring med å vera instruktør er ønskjeleg då me har behov for instruktør bl.a til Aqua Gym, men det er ingen krav.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Personlege eigenskapar
- Me søkjer etter ein lagspelar med god relasjonskompetanse og godt humør.
- Du tek ansvar for tryggleiken til dei badande og sørgjer for at alle reglar blir følgde.
- Du har gode kommunikasjonsevner og trivst med å yta god service til besøkande.
- Du er tydeleg på ein høfleg og venleg måte, og kan ta beslutningar.
- Du er fleksibel og tilpasningsdyktig, og kan handtera ulike oppgåver som reinhald, vedlikehald og kundebehandling.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med dagleg leiar Elin Steinsbø.
Kontaktinformasjon
Elin Steinsbø, 952 48 744Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4912801355
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 12.02.2025
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2847357
- Hentet fra
talentech
- Referanse
10e543a9329047eb895c6b987dae3942