LIS-lege i arbeidsmedisin eller samfunnsmedisin - med interesse for helse til sjøs
Yrkesmedisinsk avdeling/ Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, Helse Bergen
Jonas Lies vei 79, 5053 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Er du lege med interesse for helse til sjøs? Vil du vere med å utvikle framtidas helsetilbod for sjøfolk?
Vi lyser ut inntil 3 LIS-stillingar (100%) ved Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin (NSMDM) i arbeidsmedisin eller samfunnsmedisin. Etter fullført spesialisering, vil stillinga bli omgjort til stilling som legespesialist.
NSMDM er eit nasjonalt kompetansemiljø for maritim medisin. Vi jobbar tett med mellom anna Sjøfartsdirektoratet, Kystverket, Forsvaret og Redningstenesta, og har prosjektsamarbeid med Universitetet i Bergen og fleire ideelle, private og offentlege aktørar innan den maritime næringa.
Senterets aktivitetar inkluderer undervisning, rådgjeving, regelverksarbeid, forsking og fleire innovasjonsprosjekt, samt den telemedisinske legevakta for sjøfolk, Radio Medico. Stillingane vil ha oppgåver innanfor fleire arbeidsfelt, i skjeringspunktet mellom individretta og grupperetta helsearbeid.
Kandidatar innan arbeidsmedisin vil i tillegg vere knytt til arbeidsmedisinsk poliklinikk i 50% av stillinga.
I 2025-26 vil senteret støtte Statsraad Lehmkuhl sitt prosjekt One Ocean II som inkluderer eit segltokt gjennom Nordvestpassasjen og rundt Nord-Amerika. Kombinasjonsstillingane i denne utlysinga vil kunne inngå i dette prosjektet.
Velkommen til eit tverrfagleg, inkluderande og nyskapande fagmiljø på Haukeland universitetssjukehus!
Besøk gjerne nettsidene våre for meir informasjon (www.nsmdm.no).
Arbeidsoppgåver
- Telemedisinsk vaktteneste i Norsk senter for maritim medisin og dykkemedisin, «Radio Medico» – telefonlegevakta for sjøfolk
- Førebyggjande helsearbeid, saksutgreiing og rådgjeving
- Undervisning på kurs og konferansar
- Fagutvikling og prosjektarbeid, inkludert redaksjonelt arbeid i «Mariners Medico Guide»
- Forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS 2/3 stilling i arbeidsmedisin/ samfunnsmedisin
- Du har god fagleg kunnskap og innsikt
- Evner å handtere og prioritere riktig i samtidssituasjonar
- Bidrar aktivt til å oppretthalde kompetansen og er bevisst ansvaret som blir tillagt stillinga
- Akademisk kompetanse og forskingsaktivitet blir vektlagd. Doktorgrad er ein fordel
- Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Arbeider systematisk og resultatorientert
- Er ansvarsbevisst og har evne til gjennomføring
- Er fleksibel og har fokus på løysingar
- Er inkluderande og samhandlande
- Er stødig, empatisk og robust i møte med pasientar, pårørande og kollegaer
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Eit sjeldan høve til nybrottsarbeid i eit spanande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Lønn etter gjeldande avtalar
- Spennande, aktivt og tverrfagleg arbeidsmiljø med høgt tempo
- Tilrettelegging for fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Jon Magnus Haga, Seksjonsleiar lege, 90823355, jon.magnus.haga@helse-bergen.noArbeidsstad
Jonas Lies vei 795053 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4871195740
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2772419
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dd551237e7d34f9d838beaf8199cbaa4