Hopp til innhold

Miljøfagarbeidar (vikariat)

Arbeidsgiver

OPK-SL - Slåtthaug vgs, Vestland fylkeskommune

Sted

Slåtthaugvegen 134, 5222 Nesttun

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Miljøfagarbeidar (vikariat)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 23. juni

Slåtthaug videregående skole ligg i naturskjønne omgivnader nær Nesttun sentrum. Det er kort veg til buss- og bybanestopp, og vi har Fana Arena og Slåtthaug kunstisbane rett i nærleiken. Skolen har ca 500 elevar fordelt på utdanningsprogramma BA,EL, HO, TIF og påbygging til generell studiekompetanse. Vi har eit mangfaldig elevmiljø og engasjerte tilsette. Her ser vi på alle utdanningsvegar som likeverdige, og er opptatte av at elevane skal oppleve trygg, aktiv læring i alle klasserom og verkstader. Vi søkjer ein engasjert miljøfagarbeidar som primært skal følgje opp elevar i byggverkstad og i anna praktisk arbeid. Du vil vere ein viktig støttespelar for elevar som treng tettare oppfølging fagleg og sosialt, og du vil bidra til eit trygt, inkluderande og aktivt læringsmiljø. Stillinga er eit vikariat fram til 31.12.2026, men det kan bli aktuelt med forlenging. .

Arbeidsoppgåver


Følgje opp elevar i byggverkstad og andre praktiske arbeidssituasjonar
Støtte elevar i å gjere gode val i skulekvardag og nå sine mål
Hjelpe elevar som treng ekstra fagleg og/eller sosial støtte i undervisningssituasjonen
Hjelpe elevar med å regulere emosjonar og åtferd i og utanom undervisningssituasjonen
Samarbeide med lærarar i grupper og klassar
Vere synleg i elevmiljøet i pausar og friminutt

Kvalifikasjonar


Du har minst eitt relevant fagbrev – fortrinnsvis innan byggfag, men òg teknologi og industrifag, elektrofag eller barne- og ungdomsarbeidarfaget kan vere aktuelt.
Du har erfaring frå verkstad og kan nytte verktøy og maskiner knytt til våre programområde.
Erfaring frå arbeid med born og unge vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar


Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skapar gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du er praktisk og teknisk interessert og likar å arbeide med hendene.
Du likar varierte arbeidsdagar og høgt tempo.

Vi tilbyr

Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk 

Gode forsikrings- og pensjonsordningar 

Tett kollegasamarbeid og god delingskultur 

Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap 

Kontaktinformasjon

Lena Sanden, avdelingsleiar, 45291295

Arbeidsstad

Slåtthaugvegen 134
5222 Nesttun

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5145041900
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 23.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Lena Sanden

avdelingsleiar

45291295

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e2102117-396a-4177-b24c-4f875e034b61

Sist endret

12. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

d328176825ea49bd9e3e125d5f3e6463

Lignende annonser

Laster lignende annonser